Morten Sortland Morten Sortland

Norgespris på hytta

Du kan inngå avtale om Norgespris på hytta som privatperson. Firmahytter og hytter som primært blir brukte til utleige har ikkje rett på Norgespris.

Norgespris gjeld for dei første 1 000 kWh per månad. Forbruk utover dette blir fakturert til straumprisen du har avtalt med straumleverandøren din.

Før du vel Norgespris bør du tenkje på kvar i Noreg du har hytte:

  • Prisområde: Me har fem prisområde for straum i Noreg. Det kan vere store skilnader mellom prisane i dei ulike områda. Til dømes har spotprisen dei siste åra vore langt høgare i NO2 (Sørlandet) enn i NO4 (Nord-Noreg).

  • Forbruk gjennom året: Korleis straumforbruket ditt varierer. Tenk på når du har størst forbruk. Straumprisen er typisk høgare om vinteren enn om sommaren.

  • Ikkje bruk bustaden som fasit: Det som er lønsamt for bustaden din, er ikkje nødvendigvis lønsamt på hytta. Det kjem an på korleis du brukar straumen over tid og kvar i landet hytta ligg.

Du kan logge deg inn på minside.elhub.no for å sjå korleis Norgespris ville ha påverka straumrekninga di dei siste åra. Ver merksam på at utrekninga ikkje er ei fasit. Det er vanskeleg å føreseie framtidige straumprisar. Dette er berre ei rettleiing og kan vere til hjelp når du skal vurdere Norgespris.

Typiske spørsmål og svar

Kan eg få straumstøtte på hytta dersom eg ikkje vel Norgespris?
Nei. Straumstøtteordninga gjeld berre for hushaldsforbruk. For fritidsbustader er Noregspris det einaste alternativet.

Kan eg ha Norgespris både heime og på hytta?
Ja, det er mogleg å ha Noregspris på begge eigedommar, så lenge dei er registrerte som hushald eller fritidsbustad.

Les mer
Morten Sortland Morten Sortland

Bør eg velja Norgespris?

Norgespris 3

Frå og med 1. oktober 2025 kan alle hushaldningar velja Norgespris i staden for straumstøtte. Det betyr at du bør vurdere kva for ei ordning som passar best for deg.

Samanlikning av straumstøtteordninga og Norgespris

Straumstøtteordninga

  • Staten dekkjer 90 % av kostnaden over 94 øre/kWh med mva. (75 øre/kWh utan mva.). Du får automatisk straumstøtte dersom du ikkje aktivt vel Norgespris.

  • Ingen bindingstid.

  • Straumstøtte gjeld berre bustad.

  • Forbrukstak på 5 000 kWh/månad for bustad og 1 000 kWh/månad for fritidsbustad.

  • Krev straumavtale med straumleverandør, akkurat som i dag.

Norgespris

  • Du betaler Norgespris på 50 øre per kWh med mva. (40 øre utan mva.).

  • Krev at du aktivt bestiller Norgespris. Du har 14 dagars angrerett.

  • Bindingstid. Straummålaren blir låst til Norgespris ut avtaleperioden (dvs. til 31. desember 2026).

  • Noregspris gjeld for bustad og fritidsbustad. Forbrukstak på 5 000 kWh/månad.

  • Krev straumavtale med straumleverandør, akkurat som i dag.

Dette må du vite før du vurderer

Ver merksam på at det er vanskeleg å føreseie framtidige straumprisar. Det er difor ikkje mogleg å seia sikkert kva som lønner seg. Dette er berre rettleiing og hjelp til å vurdere om du bør velje Noregspris – ikkje ei fasit.

Vel du Noregspris, får du ein føreseieleg straumpris gjennom heile året. Ordninga gjev deg ein fast pris per kWh for straumforbruket ditt – også dersom straumprisane er lågare i marknaden.
Dagens straumstøtteordning gjev ei forsikring mot dei høgaste straumprisane, men prisane vil variere med svingingane i marknaden.

Før du vel Noregspris bør du tenkje på:

  • Kvar i landet bustaden/fritidsbustaden ligg. Noreg har fem prisområde for straum. Det kan vere store skilnader i pris. Til dømes har spotprisen dei siste åra vore langt høgare i NO2 (Sørlandet) enn i NO4 (Nord-Noreg).

  • Korleis straumforbruket ditt varierer gjennom året. Tenk på når du har størst forbruk. Straumprisen er typisk høgare om vinteren enn om sommaren.

  • Sjekk tidlegare rekningar. Logg inn på minside.elhub.no for å sjå korleis Noregspris ville påverka straumrekninga di dei siste åra.

  • Bindingstid. Straummålaren blir låst til Noregspris ut 31. desember 2026.

  • Risiko. Dersom spotprisen blir lågare enn Noregspris i bindingstida, kan du ende opp med å betale meir enn utan Noregspris.

  • Flytting. Noregspris er knytt til straummålaren, ikkje til deg som person.

  • Fritidsbustad? Sjå eiga rettleiing for kva du bør tenkje på.

Les mer
Morten Sortland Morten Sortland

Ofte stilte spørsmål om Norgespris

Kva er Norgespris?

Noregspris er ei ny, statleg ordning som gjev deg ein føreseieleg straumpris gjennom året. Ho er frivillig og gjeld frå 1. oktober 2025.

Løner Norgespris seg for meg?

Kva som er lønsemd for eitt hushald, er ikkje nødvendigvis lønsemd for eit anna. Det kjem an på korleis du brukar straumen over tid, og kvar i landet du bur.
Dagens straumstøtteordning gjev god sikring mot dei høgaste prisane, men om du ønskjer føreseielegheit, er Norgespris eit alternativ. Her får du meir rettleiing om kva du bør tenkje på dersom du vurderer å bestille Norgespris (lenkje i setning).

Kva er forbrukstaket for Norgespris?

Noregspris gjeld for straumforbruk opp til ei maksgrense per månad:

  • Hushald: 5 000 kWh per månad per straummålar.

  • Fritidsbustader: 1 000 kWh per månad per straummålar.

Forbruk utover forbrukstaket blir ikkje støtta av ordninga. Forbruk over desse grensene blir fakturert til den prisen du har avtalt med straumleverandøren din.

Er det nokon risiko ved å velje Norgespris?

Ja. Dersom spotprisen blir lågare enn Norgespris i avtaleperioden, kan du ende opp med å betale meir enn utan Norgespris.

Kva skjer når spotprisen er lågare enn 50 øre/kWh (med mva.)?

Dersom du har Norgespris, betaler du framleis fast pris på 50 øre/kWh (med mva.), uavhengig av spotpris. Det betyr at du sjølv dekkjer differansen mellom spotprisen og Norgesprisen. Dersom spotprisane gjennom månaden er lågare enn Norgesprisen, må du betale differansen til nettselskapet ditt.

Kva skjer når spotprisen er høgare enn 50 øre/kWh (med mva.)?

Dersom du har Norgespris, betaler du framleis fast pris på 50 øre/kWh (med mva.), uavhengig av spotpris. Det betyr at staten dekkjer differansen mellom spotprisen og Norgesprisen. Dersom spotprisane gjennom månaden er høgare enn Norgesprisen, vil nettselskapet trekkje frå beløpet på nettleigefakturaen din.

Må eg byte straumleverandør?

Nei, du treng ikkje bytte straumleverandør. Du må framleis ha ein straumavtale med ein straumleverandør dersom du bestiller Norgespris. På strompris.no kan du samanlikne straumavtalar og finne ein avtale som passar for deg.

Inkluderer Norgespris påslag til straumleverandøren min?

Nei. Du må framleis betale påslag til straumleverandøren din. Påslaget vil variere etter kva avtale du har. I tillegg må du betale nettleige og avgifter til staten. Det betyr at den totale kostnaden på fakturaen din blir høgare enn 50 øre/kWh (med mva.).

Korleis bestiller eg?

Du kan bestille Norgespris hjå nettselskapet ditt eller på minside.elhub.no.
Dersom du ikkje har moglegheit til å bestille digitalt, må du kontakte nettselskapet ditt.

Kan eg avbestille Norgespris?

Ja. Du har 14 dagars angrerett frå du bestiller. Merk at retten til Norgespris fell bort for dagane før du avbestilte. Når fristen er ute, er straummålaren din bunden til Norgespris ut avtaleperioden (fram til 31. desember 2026).

Du kan avbestille Norgespris hjå nettselskapet ditt eller på minside.elhub.no. Dersom du ikkje kan avbestille digitalt, må du fylle ut og sende eit avbestillingsskjema til nettselskapet ditt per post. Skjemaet får du ved bestilling. Merk at brevet må vere poststempla innan 14 dagar frå bestillinga.

Kva må eg tenkje på om eg ikkje har BankID?

Då må du kontakte nettselskapet ditt for å bestille Norgespris.

Kor lenge varer Norgespris?

Ved bestilling gjeld bindingstida fram til 31. desember 2026. Du må aktivt bestille Norgespris på nytt dersom du ønskjer dette etterpå. Stortinget har vedteke at ordninga skal gjelde til 31. desember 2029.

Kva skjer dersom eg ikkje gjer noko?

Då held du fram automatisk med dagens straumstøtteordning, dersom du har det i dag.

Kan eg ha både Norgespris og straumstøtte på same straummålar?

Nei. Du kan ikkje ha begge deler på same målar. Vel du Norgespris, mistar du retten til straumstøtte på den målaren i avtaleperioden.

Kan eg få straumstøtte på hytta dersom eg ikkje vel Norgespris?

Nei. Straumstøtte gjeld berre hushaldsforbruk. For fritidsbustader er Norgespris det einaste alternativet.

Kan eg ha Norgespris både heime og på hytta?

Ja, så lenge bustaden eller fritidsbustaden er registrert som hushald eller fritidsbustad.

Kan eg ha Norgespris på hytta og straumstøtte heime?

Ja. Du kan ha Norgespris på hytta, men straumstøtte heime. Du kan òg ha Norgespris begge stader. Merk at straumstøtta ikkje gjeld fritidsbustader.

Kva skjer ved flytting eller dødsfall?

Noregspris følgjer straummålaren, ikkje personen. Ved eigarskifte eller dødsfall vil avtalen halde fram ut bindingstida.

Må Norgespris bestillast på vegner av eit burettslag, eller kan kvar bebuar bestille sjølv?

Noregspris må bestillast for kvar straummålar. Styret kan bestille for fellesareal, medan bebuarane sjølv kan bestille for sine eigne leilegheiter.

Kven kontaktar eg ved spørsmål?

Dersom du har spørsmål, kontaktar du nettselskapet ditt. Er du og nettselskapet usamde, kan du klage til Reguleringsmyndigheita for energi i NVE (RME).

Gjeld Norgespris for bedrifter?

Nei. Ordninga gjeld berre hushald og fritidsbustader, ikkje næringsverksemd.

Kan eg velje Norgespris dersom delar av bustaden blir brukt som butikk eller kontor?

Dersom meir enn 50 % av forbruket er hushald, har du rett til Norgespris. Dersom meir enn 50 % er næring, har du ikkje rett.

Kva skjer dersom eg får Norgespris utan å ha rett på det?

Då kan du få krav om tilbakebetaling frå nettselskapet, og RME kan fatte vedtak om tilbakebetaling.

Kva må eg tenkje på dersom eg både produserer og brukar straum?

Noregspris gjeld berre for forbruk, ikkje for produksjon. For straumen du sel, får du framleis spotpris.

Løner det seg å spare straum?

Ja. Energisparing og effektivisering er framleis viktig – både for naturen og straumrekninga di. Ved å bruke mindre straum og spreie forbruket utover dagen kan du òg få lågare nettleige, uavhengig av avtale.

Les mer
Morten Sortland Morten Sortland

Dette er Norgespris

Norgespris

Noregspris er ei ny, statleg ordning som gjev deg ein føreseieleg straumpris gjennom året. Ordninga er frivillig og gjeld frå 1. oktober 2025.

  • Ordninga gjev ein fast pris på 50 øre per kWh med mva (40 øre utan mva) for straumforbruk heime og på hytta.

  • Noregspris har eit forbrukstak på 5 000 kWh per månad for hushald og 1 000 kWh for hytter.

  • Noregspris har bindingstid frå du bestiller til 31. desember 2026.

  • Noregspris bestiller du på minside.elhub.no.

  • Du kan ikkje få både straumstøtte og Noregspris samtidig.

  • Du må framleis ha ein straumavtale med ein straumleverandør.

  • Merk at det kjem ei eiga ordning for Noregspris for fjernvarme. Me vil lenkja til meir informasjon når den er klar.

Slik bestiller du

  • Bestillingsløysinga er snart klar.

  • Du kan bestille Noregspris på minside.elhub.no.

  • Kontakt nettselskapet ditt dersom du har spørsmål, treng hjelp eller ikkje kan bestille digitalt.

  • Har du fleire straummålarar registrert på deg, må du bestille Noregspris for kvar enkelt målar. Du kan velja om du vil ha Noregspris på éin eller fleire målarar.

Unngå svindel:

  • Du bør ikkje klikka på lenkjer i e-postar.

  • Ingen skal inn i bustaden din i samband med Noregspris.

  • Du må framleis ha ein straumavtale med ein straumleverandør.

Når bestillingsløysinga for Norgespris er klar, bør du sjølv gå direkte til minside.elhub.no og logge inn med elektronisk ID (BankID, MinID, Buypass eller Confides). Dersom du har problem med å bestille digitalt, kan du ta kontakt med nettselskapet ditt.

Slik fungerer Norgespris

Noregspris gjev deg lik pris heile året

Vel du Noregspris, betaler du 50 øre/kWh med mva heile året. Det betyr at du enten får eit frådrag eller eit tillegg på nettleigefakturaen din. I tillegg til Noregspris må du òg betale nettleige, avgifter og eventuelt påslag frå straumleverandøren.

Bustader i Nordland, Troms og Finnmark betaler ikkje mva på straum. Det betyr at desse betaler 40 øre/kWh.

Ordninga gjeld for hushald sitt straumforbruk i bustader og fritidsbustader. Noregspris gjeld opp til ei maksgrense per månad:

  • 5 000 kWh for hushald

  • 1 000 kWh for hytte/fritidsbustad

For forbruk over dette betaler du den prisen du har avtalt med kraftleverandøren.

Bindingstid

  • Noregsprisen på 50 øre med mva gjeld for perioden frå 1. oktober 2025 til 31. desember 2026.

  • Du kan bestille Noregspris når som helst i denne perioden. Avtalen gjeld frå datoen du bestiller.

  • Du har 14 dagars avbestillingsfrist frå du bestiller.

  • Når avbestillingsfristen er gått ut, er straummålaren din bunden til Noregspris ut avtaleperioden – det vil seia fram til 31. desember 2026.

Les mer
Morten Sortland Morten Sortland

Norgespris frå 1. oktober

Lauvnes. Foto: Jan Ove Skjerping

Norgespris blir innført frå 1. oktober 2025. Foto: Jan Ove Skjerping

Stortinget har vedteke lov om Norgespris. Norgespris er ei ny statleg sikringsordning mot høge straumprisar, som skal tre i kraft 1. oktober 2025. Forskrifta som skildrar alle detaljane rundt ordninga har vore på høyring fram til 12. august, men dette er det me veit så langt.

Kva er Norgespris?

Norgespris er eit alternativ til dagens straumstøtteordning, og føremålet er å gje privatpersonar meir føreseielege og stabile straumkostnader. Norgespris må du som kunde bestilla, og ho vil då vera knytt til din straummålar med ei bindingstid fram til 31. desember 2026. Prisen i bindingstida er ein fast pris på 50 øre per kilowattime (inkl. mva). I tillegg kjem nettleige og eventuelle påslag frå straumleverandøren din. Norgespris blir administrert av nettselskapa og kjem som fråtrekk eller tillegg på nettleigerekninga di.

Korleis bestiller eg Norgespris?

Bestillingsløysinga for Norgespris er ikkje ferdig utvikla, men skal vera klar i siste halvdel av september. Bestilling blir gjort digitalt via Elhub.no, og me vil informera deg meir detaljert når det er opna for bestilling der. Du treng difor ikkje gjera noko førebels.

Kven kan bestilla Norgespris?

Hushaldningar: Alle som bur i privatbustad kan velja Norgespris som alternativ til straumstøtta. Norgespris gjeld då for inntil 5.000 kWh i månaden. Dersom du ikkje bestiller Norgespris, vil du automatisk vera knytt til straumstøtteordninga.

Fritidsbustader: Hytteeigarar kan òg velja Norgespris for å sikra ein føreseieleg straumpris, sjølv om dei ikkje er omfatta av straumstøtteordninga. For fritidsbustader gjeld Norgespris for inntil 1.000 kWh i månaden.

Kva betaler eg for straumen med Norgespris?

Norgespris erstattar ikkje straumavtalen du har i dag, og du må framleis ha ein avtale med straumleverandøren din. Norgespris er ei støtteordning som sikrar deg ein fast straumpris på 50 øre/kWh (inkl. mva). Det er nettselskapa som administrerer ordninga, så du vil bli kompensert eller fakturert via nettleiga på same måte som med straumstøtta.

  • Er spotprisen lågare enn 50 øre/kWh, betaler du likevel 50 øre/kWh.

  • Er spotprisen høgare enn 50 øre/kWh, får du kompensert forskjellen mellom spotprisen og 50 øre/kWh.

Når blir Norgespris tilgjengeleg?

Norgespris skal etter planen gjelda frå 1. oktober og kan bestillast frå slutten av september. Du kan bestilla Norgespris når som helst etter dette, men bindingstida vil uansett gjelda fram til 31. desember 2026.

Du kan òg finna spørsmål og svar om Norgespris her: Spørsmål og svar om Norgespris – regjeringen.no (opnast i nytt vindauge).

Les mer
Morten Sortland Morten Sortland

Farlig smartadapter blir trekt tilbake

Nkom krever at smartadapteren SG Smart Plug 4500135 blir trekt tilbake frå marknaden på grunn av fare for støt eller brann. Foto: Nasjonal kommunikasjonsmyndighet/ handout /NTB

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) har avdekt alvorlege feil ved smartadapteren SG Smart Plug 4500135. Feila kan føre til elektrisk støt og brannfare, og i verste fall sette liv i fare.

 Adapteren er seld i 9500 eksemplar i Noreg og blir no trekt tilbake frå marknaden. Har du ein slik adapter? Då må du:

·         Slutte å bruke han med ein gong

·         Ta kontakt med forhandlaren for informasjon om retur og tilbakekalling

– I dette tilfellet meiner me det er naudsynt å tilbakekalle produkta, seier Espen Slette i Nkom.

Les meir her.

Hald deg oppdatert

Gå gjerne inn på nettsida Farligeprodukter.no med jamne mellomrom. Her finn du oversikt over produkt som kan vere farlege og som blir kalla tilbake frå marknaden.

Les mer
Morten Sortland Morten Sortland

Kvifor må me setja opp nettleiga?

Straumnett må setja opp nettleiga.

Lågt skydekke. Dronefoto: Stian Bye

I 2024 kunne kundane våre nyta godt av ein kraftig reduksjon i nettleiga. No er tida komen for å justera prisen opp att. Her forklarar me kvifor – og korleis nettleiga er bygd opp.

– Me forstår at auka kostnader merkast i kvardagen. Difor er me opptekne av å forklara kvifor me må justera prisen, og kva du faktisk betalar for, seier Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Straumnett.

Sette ned prisen

Medan nettselskapa rundt om i landet måtte auka prisane sine inn mot 2024, kunne Straumnett senka nettleiga. Bakgrunn for det var ein avtale mellom Straumnett og Hydro, der me fekk ei økonomisk kompensasjon etter ei langvarig sak.

Hydro måtte endra tariffane sine for bruk av det interne straumnettet sitt, og me kom samstundes fram til eit forlik som innebar ein kompensasjon til Straumnett. Denne summen vart rekna som ei meirinntekt, og heile beløpet blei brukt til å setja ned nettleiga for kundane våre i 2024 og inn i 2025.

Ikkje store skilnadar mellom nettselskapa i vårt område

No er denne kompensasjonen brukt opp, og difor må me justera nettleiga. For ein kunde med årsforbruk på 20.000 kWh betyr dette ein auke på om lag 12-14 øre per kilowattime, inkludert alle avgifter. (MVA, Enova-avgift og forbruksavgift).

– I 2024 hadde me ein heilt spesiell situasjon som gjorde at me kunne setja ned nettleiga. No er me tilbake på eit meir normalt nivå igjen. Me forstår at endringar i nettleiga kan vekkja spørsmål, og difor vil me gjerne peika på at prisane våre ligg ganske likt med det andre nettselskap i området tek, seier Smedegård.

Endringa i nettleiga blir sett i verk frå 9. mai. Bakgrunnen er at me etter regelverket må varsla om prisendringar minst éin månad i førevegen.

Kven bestemmer prisane?

Nettselskapa i Noreg er regulerte av Reguleringsmyndigheten for energi (RME). Dei bestemmer kva inntektsrammer kvart nettselskap kan ha. Innafor desse rammene fastset nettselskapa sjølve korleis inntektene skal fordelast mellom ulike kundegrupper.

Prisen på nettleiga varierer frå selskap til selskap, avhengig av:

  • Kor mange kundar selskapet har

  • Kor store investeringar og vedlikehald som trengst i nettet

  • Korleis kostnadene blir fordelte mellom ulike grupper

Over heile landet ser ein at nettleiga har auka dei siste åra. Dette skuldast fleire forhold:

  • Me brukar meir straum – både i heimane våre og i industrien.

  • Elektrifisering av samfunnet går stadig raskare.

  • Renta har gått opp, og prisveksten påverkar kostnadene til nettselskapa.

Nettselskapa har eit viktig samfunnsoppdrag med å byggja ut, fornye og halda ved like straumnettet slik at det er klart for framtida.

Slik er nettleiga sett saman

Slik er nettleiga bygd opp.

Om lag halvparten av nettleiga er statlege avgifter.

Nettleiga består av tre delar:

Kapasitetsledd

Dette er ein fast kostnad for å vera tilkopla straumnettet. Prisen avheng av kor mykje straum du brukar samstundes. Brukar du mykje straum på éin gong, får du høgare kapasitetsledd. Jamnar du forbruket utover døgnet betalar du mindre.

Energiledd

Dette er prisen du betalar for det totale straumforbruket ditt. Det er billegare om natta enn på dagtid.

Offentlege avgifter

Nettselskapa krev inn avgifter på vegner av staten. Dette gjeld mellom anna:

  • Forbruksavgift (elavgift)

  • MVA (25 prosent)

  • Avgift til Enova

Om lag halvparten av nettleiga går til slike statlege avgifter – resten går til drift, vedlikehald og utbygging av straumnettet.

Nettselskapa har monopol i sitt geografiske område. Det betyr at du som kunde ikkje kan velja kven som leverer straumnettet til deg då dette er bestemt av staten.

Nye prisar for nettleige frå 2025 finn du ved å trykkje her.

Les mer
Morten Sortland Morten Sortland

Haugland tilbake i Straumnett

TILBAKE: Arn Roger Haugland er tilbake i Straumnett.

Arn Roger Haugland har returnert til Straumnett og tek over som ny nettsjef.

– Det er jo litt spesielt, men eg er veldig glad og motivert for å gå laus på oppgåvene som ventar, seier Haugland.

Haugland arbeidde tidlegare som energiingeniør i Straumnett, men forlét selskapet i fjor sommar til fordel for ei stilling innan oljebransjen.

– Eg hadde det veldig fint her, men så fekk eg eit spennande tilbod frå eit selskap eg kjende godt til. Eg hoppa på moglegheita og angrar ikkje på det valet, forklarar han.

Omstrukturering

I samband med omstruktureringar i Årdal Energi-konsernet, og med auka fokus på HMS, ønskte tidlegare nettsjef å ta på seg rolla som HMSK-ansvarleg for å styrke innsatsen på dette viktige området. Dette opna for at Arn Roger Haugland vart eit naturleg val som erstattar.

– Me sakna Arn Roger på huset etter at han slutta. Han er ein dyktig, likande og svært kompetent person. Då denne stillinga opna seg, var det naturleg å høyra om han ville koma tilbake til oss. Det er me svært glade for at han ville, seier konsernsjef Jan Stian Smedegård.

Haugland hadde sin første arbeidsdag i den nye rolla 2. januar. Han legg ikkje skjul på at det er mange utfordringar som ventar.

Mykje å gjera

– Slik er det i alle nettselskap. Me er strengt regulerte av myndigheitene som stadig stiller strengare krav til oss. Vårt ansvar er å yta ein god og driftssikker straumforsyning til kundar i alle delar av kommunen, forklarar han.

Haugland trekk fram at den korte tida vekke gjer at han framleis har god kjennskap til system, rutinar, tilsette og kundar.

– Det er alltid mykje å gjera i nettselskapet, fokuset framover er å først og fremst å sikra stabilitet og rutinar, sjå framover og løfta oss på enkelte område. Saman med dei dyktige tilsette skal me dra dette lasset i lag. Eg er svært motivert til å gjera ein god jobb for Straumnett, avsluttar han.

Les mer
Morten Sortland Morten Sortland

- Hugs å sjekke røykvarslaren din!

Hugs å bytte batteri i røykvarslaren 1. desember

Røykvarslardagen 1. desember er ei viktig påminning om å ta brannsikkerheita på alvor når me no går inn i ei tid på året der det tradisjonelt brenn meir enn elles.

– I Årdal og Lærdal har det dei siste åra vore 159 utrykkingar til brannrelaterte hendingar. Røykvarslaren reddar liv, seier Svein Ove Åmås, branninspektør i Årdal kommune.

Røykvarslardagen er ein landsomfattande kampanje som går fast av stabelen 1. desember kvart år. Det er Brannvernforeningen, DSB og Gjensidige forsikring som står bak kampanjen sentralt. Lokalt er det brannvesenet og DLE (Det lokale El-tilsyn) som bidrar til å setje fokus på denne viktige bodskapen.

– Om røykvarslarane fungerer slik dei skal, så må dei høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, òg når døra mellom romma er lukka. Alle må ha minst éin røykvarslar i kvar etasje. Dei fleste har fleire varslarar, og då tilrår me at dei er seriekopla slik at om éin piper, så piper alle. I tillegg til 1. desember, bør du teste røykvarslarane dine jamleg, og dessutan etter at du har vore borte i ei veke eller meir, seier Bjørn Hunshammer, DLE-ansvarleg i Straumnett.

Ta ansvar for dei nærmaste

Brannstatistikken viser at det er nokre risikoutsette persoanr som er meir utsette og sårbare om ein brann inntreff. Det er blant anna eldre og personar med nedsett funksjonsevne.

– Mange av desse vil ha vanskeleg for å sjekke røykvarslaren(e) sjølve, og me oppfordrar difor alle som har moglegheit til å hjelpe dei ein kjenner som kan tenkjast å slite med dette, seier Hunshammer.

På www.roykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar brannsikkerheita i heimen.

 

Fakta:

Røykvarslarar og brannsikkerheit

• Har du nok røykvarslarar? Ein undersøking frå Ipsos viser at 5 prosent av befolkninga ikkje har, eller er usikre på om dei har, røykvarslar. Det svarar til opptil 200 000 personar.

• Kvifor røykvarslar? Røykvarslaren er heimens viktigaste livreddar, og ein enkel måte å auke brannsikkerheita på.

• Krav til røykvarslar: Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen må kunne høyrast tydeleg i opphaldsrom og soverom, òg når dørene mellom romma er lukka.

• Plassering av røykvarslar: På høgaste punkt i taket, og minst ei halvmeter ut frå veggen.

• Levetid og godkjenning: Røykvarslarar bør bytast ut etter 8–10 år. Sjekk produksjonsdatoen på baksida. Forhandlarar er ansvarlege for at røykvarslarane som seljast er produsert i samsvar med regelverket. Sjekk at varslaren er CE-merka.

• Bruk seriekopling: Seriekopla røykvarslarar sikrar at alle varslar samstundes i heile bustaden.

• Røykvarslarar er EE-avfall: Gamle og brukte røykvarslarar skal ikkje kastast i søpla, men kan leverast gratis til forhandlarar og til din lokale gjenvinningsstasjon.

 

Kontakt

Straumnett

Bjørn Hunshammer, DLE-ansvarleg

Mobil: 901 64 159, Epost: bjorn.hunshammer@ardal-energi.no

Les mer
Morten Sortland Morten Sortland

Sjå kven som vann iPad!

Rune Løvdahl Larsen kan glisa etter å ha vunne ny iPad.

VANN: Rune Løvdahl Larsen kan glisa etter å ha vunne ny iPad.

Rune Løvdahl Larsen vart den heldige vinnaren av ein iPad etter å ha utført eltesten i samband med elsikkerheitsdagen.

Totalt var det 308 nettkundar hjå Straumnett som gjennomførte eigenkontrollar. Dette er eit tal me er svært nøgde med. Samstundes oppmodar me alle som ikkje har utført eigenkontroll om å ta ein sjekk av det elektriske anlegget i heimen.

Gjennom undersøkinga vart det oppdaga 14 teikn til varmgang, mellom anna hjå fem kundar med teikn til varmgang på varmtvasstank og fem med teikn til varmgang på støpsel på vaskemaskin. Det vil seia 14 tilfelle av brann potensielt avverja i Årdal, og me føreset at alle feil og manglar som vart avdekkja under testen, vert utbetra av el-verksemd.

Me registrerer òg at mange elbileigarar ladar i vanleg stikkontakt. Me minner om at lading frå vanleg stikkontakt er forbode. Vanleg stikkontakt kan berre nyttast ved naudlading.

Takk for at du tek eltryggleiken på alvor!

Her er resultata frå elsjekken i Straumnett sitt dekningsområde:

  • Tal varmtvasstank med støpsel med teikn til varmgang: 9

  • Tal støpsel på vaskemaskin el. med teikn til varmgang: 5

  • Tal som har overspenningsvern: 274

  • Tal som har komfyrvakt: 118

  • Tal elbileigarar som ladar i vanleg stikkontakt: 19

  • Tal elbileigarar med ladeboks: 94

  • Tal elbileigarar som ladar i ladestasjon utanfor heimen: 17

  • Tal som har skrusikringar: 6

  • Tal automatsikringar: 85

  • Tal jordfeilautomatar: 178

  • Tal med kombinasjonssikringar: 39

  • Tal som brukar skøyteleidning til utstyr som trekkjer mykje straum: 5

  • Tal som ladar om natta: 42

Les mer
Morten Sortland Morten Sortland

Status for Straumnett etter uvêret!

Etter herjingane torsdag kveld 31. oktober og natt til 1. november fekk me utfall i heile Seimsdalen (222 nettkundar) og Ofredalen (27 nettkundar). Årsaka til utfallet er mest truleg brot i ein høgspentkabel som vart teken av ras. Dette førte til at ein av hovudtrafoane i Seimsdalen havarerte.

Me fekk kopla straumen inn att til Seimsdalen etter om lag 1 time og 10 minutt.

Ofredalen er framleis utan straum, og me ventar på tilgang på vegane for å kunne starte arbeidet.

NB: Me har kablar på anlegget vårt som er spenningsførande og som har vorte synlege. Det er svært viktig at ein held avstand!

Me er opptekne av tryggleiken til alle som ferdast i nærleiken av våre anlegg. Dersom du observerer skred, straumbrot, eller vatn som truar tekniske installasjonar, oppmodar me deg om å melde dette inn til oss.

Les mer
Morten Sortland Morten Sortland

Aukar beredskapen etter farevarsel

Ekstremvêret Jakob er på veg og det er varsla på raudt nivå for Årdal kommune, med kraftig regn og auka fare for jordskred og flaum.

Straumnett følgjer nøye med på situasjonen og har skjerpa grunnberedskapen. Skjerpa grunnberedskap vert innført når dei meteorologiske prognosane indikerer spesielle utfordringar med vêret, som kan utfordra den normale vaktordninga. I slike tilfelle vert det kommandert ut ekstra bemanning i tillegg til normal vaktbemanning.

Me er opptekne av å vareta tryggleiken for små og store som ferdast i nærleiken av våre anlegg. Dersom du observerer skred, straumbrot eller vatn som truar tekniske installasjonar, oppmodar me om å melde dette inn til oss.

Les mer
Morten Sortland Morten Sortland

Ta elsjekken og bli med i trekninga av ein splitter ny iPad

15. oktober er den nasjonale elsikkerhetsdagen

Når sjekka du sist det elektriske anlegget ditt? Og visste du at dei fleste brannar i Norge har ein elektrisk årsak?

Ta ansvar for eigen og andre sin tryggleik ved å gjennomføre ein enkel eigenkontroll av elanlegget ditt.

15. oktober er den nasjonale elsikkerhetsdagen. Straumnett markerer dette ved å ha stand på Årdalsenteret, der me kjem til å dela ut informasjonsbrosjyrar og vil oppmoda alle nettkundar til å gjennomføra ein enkel elsjekk.

Det er enkle spørsmål du skal svara på og me vil trekkja ut ein heldig vinnar som kan få ein splitter ny iPad i premie. Du kan gjennomføra elsjekken allereie no ved å trykka på biletet under:

Les meir om eltryggleik ved å trykke her.

Les mer
Morten Sortland Morten Sortland

Stengjer deler av gang- og sykkelveg

Johannes Finden Skaim og Straumnett legg opp nye kablar på gang- og sykkelveg i Øvre Årdal.

Gang- og sykkelvegen frå Monter til Bungalowvegen i Øvre Årdal blir stengt frå 22. august til 30. november.

Årsaka er at Vestland Fylkeskomme og Straumnett startar arbeidet med etablering ny kabelgrøft for veglys og ny høgspenttrase.

Alternativ rute forbi området i anleggsperioden vert via Gamlevegen/Vesvegen.  

Les mer
Morten Sortland Morten Sortland

Luftige svev og bratt arbeid i verna område

Det krev nøye planlegging når ein skal oppgradere infrastrukturen i eit landskapsvernområde.

Helikopterløft av kraftstolpe i Utladalen.

Tysdag 18. juni kom den nye kraftstolpen på plass ved Johanna-brui i Utladalen. Foto: Morten Sortland

– Anlegget vårt frå Hjelle til Vetti har stort behov for oppgradering av stolpar og linjer. No har me bytt ut ein kraftstolpe ved Johanna-brui, seier Sian Marius Bye, montør i Straumnett.

For å utføra jobben vart det søkt om og gjeve løye til å få nytta helikopter som kunne løfte den om lag halvt tonn tunge stolpen på plass.

– Det er vanskeleg å utføra vedlikehald i ulendt terreng utan avtrykk, men me turar ikkje fram meir enn me må, seier Stian, og forklarar at tidas tann hadde teke knekken på den gamle stolpen som no er bytt ut.

– Men det er fleire stolpar som har råteskadar og klatreforbod. Når me no må gjera grep så er det både enklare og meir kostnadseffektivt å nytta oss av helikopter til dei tunge løfta i ulendt terreng.

Fekk straum i 1947

Utladalen landskapsvernområde er ei perle av dei sjeldne. Føremålet med landskapsvernområdet er å verne eit vilt og vakkert vestlandskap med naturmiljø og kulturminne i tilknyting til Jotunheimen nasjonalpark, samstundes som områda skal kunne nyttast til landbruk, friluftsliv, jakt og fiske.

Den snautt fem kilometer lange Folkevegen innover Utladalen vart bygd på dugnad i 1977, medan elektrisk straum til Vetti, Avdalen og Hagaberg allereie var komen 30 år tidlegare. For Straumnett sin del er dette eit kostbart anlegg å drifte med lite forbruk. Vetti består i dag av tre gardsbruk: Vetti (hovudgard og turiststasjon), Lauvhaugen og Flaten.

Straumnett har stor respekt for naturen og verneverdiane, og for fleire år sidan blei det søkt om leveringsfritak og det vart presentert alternative løysingar, men frå politisk hald var det eit ønske om å behalde den gamle linja.

– Det er ingen tvil om at høgspentlinja frå Hjelle til Vetti har eit stort vedlikehaldsbehov. Det vil omfatta ein del arbeid og stor kostnad, men me prøver å halda ved like så kostnadseffektivt og med så lågt avtrykk som mogleg. Og tryggleiken til montørane kjem alltid først, seier Bye.

Les mer
Morten Sortland Morten Sortland

Full fart på Jotunplassen

No er det ikkje lenge før det blir lynkjapp lading i sentrum.

Stramunett utfører arbeid med nye hurtigladarar på Jotunplassen i Øvre Årdal.

JOTUNPLASSEN: Her skal det koma opp nye hurtigladarar.

– Me jobbar på og fleire har kanskje fått med seg at ny nettstasjon er plassert på tomta, seier Edvard Holsæter, senioringeniør i Straumnett.

Nettselskapet har den siste tida jobba for å få auka kapasiteten i nettet til dei nye elbil-ladarane som skal koma på Jotunplassen i Øvre Årdal.

– Det står att noko intern kabling i den nye nettstasjonen og så har me starta arbeidet i grøftene med å trekka ny høgspentkabel mellom ny og gamal nettstasjon. Me reknar med å vera ferdig med alt me skal gjera og kunne spenningssetta anlegget innan månadsskifte. I dette prosjektet tek me også med oss tilførsel til Midthagen burettslag og byter den også. Dei har tilførsel i dag som var lagt ned i 1949 då blokkene blei sett opp, seier Holsæter.

Det er Årdal Næringssamskipnad som har vore pådrivar for å få etablert hurtigladarar i Årdal, og det er Tesla som skal setja opp ladestasjonane.

For å rekkja spenningssetting i månadsskifte måtte Straumnett tenkja utanfor boksen for å rekkja tidsfristane.

– Difor har me delt opp komponentane i nettstasjonen og bestilt materiell hjå ulike leverandørar og sett alt saman sjølv. På det har me spart om lag seks månadar, seier Holsæter, og legg til at Straumnett skal vera klare med sitt arbeid når Tesla skal driftssette anlegget.

Les mer
Morten Sortland Morten Sortland

Byter ut gamle luftleidningar med nye kablar i bakken: – Slår fleire fluger i ein smekk

Sondre Bale og Per Inge Bale skøyter høgspentkabel i Vesvollvegen.

FAR OG SON I AKSJON: Sondre og Per Inge Bale skøyter høgspentkabel i Vesvollvegen.

Det gode trekantsamarbeidet mellom Straumnett, Årdalsnett og Årdal kommune held fram. 

Dei siste månadane har det gått føre seg mykje arbeid i Vesvollvegen, Midtunsvegen og Viggo Hanstensveg i Øvre Årdal. Her legg Straumnett ned straumkablar, medan Årdalsnett legg ned fiber og kommunen legg ned kabel til veglys.  

– Bakgrunnen for at me gjer dette no er fordi det var lite eksisterande straumkapasitet igjen i dette område. Difor skal me legga om høgspentnettet og setje opp ein ny nettstasjon, seier prosjektleiar Arn Roger Haugland i Straumnett. 

I Vesvollvegen er arbeidet godt i gang.

Det er ikkje første gong at Straumnett er med på dette samarbeidet med Årdal kommune og Årdalsnett. Tidlegare har det vorte gjort forsterkingar og oppgraderingar i Rindevegen, Nordahl Griegs veg og Rolf Wickstrøms veg på Årdalstangen, og Risevegen/Ivar Noreviksveg og Sitlevegen/deler av Veesvegen i Øvre Årdal. 

– Me gjer dette i samband med at kommunen har ein plan for å leggja ny asfalt. Då slår me fleire fluger i ein smekk, forklarar Haugland.

Sondre Bale i arbeid for Straumnett.

Sondre Bale er lærling i Straumnett.

Arbeidet på Farnes har gått føre seg sidan midten av april. 

– Me sende først ut eit informasjonsskriv til naboar i februar, deretter hadde me eit nabomøte i mars og så var det oppstartsmøte og byggjestart i april. Arbeidet vil gå føre seg over to fasar. No er det grave opp og lagt kablar i bakken i Viggo Hanstenseveg og deler av Vesvollvegen. I fase 2 blir det same gjort for resten av Vesvollvegen og Midtunsvegen. Planen er at siste del av asfaltering vil skje i løpet av hausten. 

– Samstundes har me oppmoda bebuarane til å gripe moglegheita til å forsterke inntaka til husa sine, og her har alle aktuelle bebuarar gripe mogelegheita.  Då legg me ny kabel inn til nytt tilknytingsskap på husvegg. Dette er også ein fordel for dei som planlegg å få – eller har elbil-ladar. 

Haugland ser mange fordeler med å være med i dette samarbeidet. 

– På denne måten får me forsterka nettet og auka kapasiteten i område med ny nettstasjon. Me får fjerna gamle kraftstolpar med hengekablar. Slik sett er det også eit veldig flott tiltak for Årdal.  

Det er Årdal kommune som er byggherre, medan Straumnett og Årdalsnett er entreprenør i prosjektet. VLS er underprenør. 

– Det er travle tider i Straumnett om dagen. I tillegg til dette prosjektet jobbar me mellom anna med oppgradering av Vettis-lina, etablerer straumforsyning til ny ladestasjon på Jotunplassen, vedlikehald, linjebefaring og synfaring av eksisterande anlegg. Snart startar også arbeidet med vedlikehald på Tyin-linja opp att, seier Haugland. 

Les mer
Morten Sortland Morten Sortland

Sondre følgjer i pappa sine fotspor

– Eg lærer noko nytt heile tida.

Sondre Bale er lærling i Straumnett.

Det seier Sondre Bale, som no har ni månadar bak seg som lærling i Straumnett.

– Eg valde dette yrket fordi det verka interessant og fordi ein får jobba mykje ute i frisk luft.

– Du har vel kanskje blitt litt påverka i heimen av pappa Per Inge, som også jobbar her?

– Jau, eg har vel kanskje det. Han har jo vore i bransjen i mange år og eg har alltid synst det var ein interessant jobb.

Spennande kvardag

Så langt trivst 18-åringen godt i lag med pappa og resten av kollegaene i Straumnett.

– Det har vore nokre lærerike månadar. Det er ein fin arbeidsplass med mange kjekke folk.

Sondre seier at han som lærling har mange varierte og spennande arbeidsoppgåver i kvardagen.

– I hovudsak går det ut på å montere, halde ved like, reparere og sette elektriske anlegg i drift.

Og det er litt av ein jobb som skal utførast. Straumnett er mest truleg det nettselskapet i landet med høgast høgdeskilnad på anlegga sine, med sjøkablar på 890 meters djup og kablar på 1510 meters høgde. På vinteren må montørane gjerne vabba langt med snø opp til knea og i ulendt terreng når dei skal halde ved like linjene i Årdal.

– Ingen dagar er like og det er eit kjempespennande yrke. Eg kan fint tilrå fleire å velje energimontørfaget, seier Sondre.

Årdal og Sogndal

Sjølv gjekk han første året elektro på Årdal vidaregåande skule før han reiste til Sogndal for å ta VG2 elenergi. No er han altså godt i gang med lærlingløpet som totalt tek 2,5 år.

– Eg er veldig glad for at eg fekk lærlingplass i Straumnett. Slik sett kan eg bu heime i Årdal også. Det er ein god bonus, smiler Sondre.

Les mer
Morten Sortland Morten Sortland

Johannes tok sitt andre fagbrev: – Veldig glad og letta

Johannes Finden Skaim har bestått fagprøven som energimontør.

STORT GLIS: Johannes har god grunn til å smila etter å ha bestått fagprøven.

No kan Johannes Finden Skaim endeleg kalla seg energimontør.

– Dette var ei perfekt førjulsgåve å få, seier 23-åringen.

Nervepirrande

Fredag 15. desember var det ein nervøs kar som skulle få det endelege svaret, etter ein intens månad med planlegging, innleveringar og praktiske oppgåver i samband med fagprøven.

– Eg var rimeleg nervøs før eg gjekk inn i rommet til sensorane i prøvenemnda, vedgår han.

Etter ei grundig evaluering, var det ein smilande kar som kom ut døra. Johannes hadde bestått fagprøven med glans.

– Då var eg veldig nøgd og letta, og fekk roa nervane ein god del.

For det er ikkje tvil om at Johannes har hatt litt sommarfuglar i magen undervegs som han har jobba med fagprøven.

– Når du tek fagprøven går du gjennom det du driv med som energimontør. I løpet av denne månaden har eg hatt ulike innleveringar og ein del praktisk arbeid med stolpar, fordelingsskap og trafokiosk. Då prøvenemnda kom siste dagen, gjekk me gjennom alle jobbane som er gjort og eg måtte svara på ein del spørsmål knytt til dette, inkludert forskrifter og den biten.

Godt arbeidsmiljø

No kan den blide aurlendingen jubla for to fagbrev. Johannes har også vore elektrikarlærling i Førde og tok seinare fagbrev som elektrikar.

23-åringen byrja hjå oss i Straumnett i 2021, og her trivst han utruleg godt.

– Det er ein veldig god gjeng som jobbar her. Eg har hatt det veldig bra med kjekke kollegaer og i eit veldig godt arbeidsmiljø.

Johannes Finden Skaim på oppdrag i Fardalen.

TØFT ARBEID: Her jobbar Johannes og montørane i Straumnett med å dra fram ein kraftstolpe i ulendt terreng.

No blir Johannes med oss vidare, i første omgang på ein kontrakt ut august 2024.

– Det er eg veldig glad for. Her får me ein variert og spennande arbeidskvardag.

Straumnett feira bestått fagprøve med kaker og kaffi.

FEIRA MED KAKE: Straumnett inviterte til kakefest i kantina for å feira at fagbrevet var i boks.

Arn Roger Haugland, energiingeniør i Straumnett, er naturlegvis glad på Johannes sine vegner.

– Me er stolte over det Johannes har fått, men me er også stolte over Straumnett som lærlingbedrift. Me har heile vegen lagt til rette og inkludert Johannes i det viktige arbeidet me driv med.  Me er sjølvsagt veldig glade for at Johannes vil vera med oss vidare, no som energimontør, seier Haugland.

Les mer
Morten Sortland Morten Sortland

Går mot straumen og set ned nettleiga

Straumnett set ned nettleiga for 2024.

Straumnett set ned nettleiga for 2024.

Straumnett reduserer nettleiga med heile 32 prosent for 2024.

– Nettselskap over heile landet har varsla at dei er nøydde til å setja opp nettleiga inn mot 2024. Difor er me glade for å kunne melde at me går mot straumen, bokstavleg tala, og set ned nettleiga til alle våre 3600 kundar, seier Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Straumnett.

Ekstraordinær situasjon

Bakgrunnen for at dei fleste straumkundane i landet får ei høgare nettleige er på grunn av det stadig aukande tempoet innan elektrifisering, kombinert med høgare rente og den generelle prisveksten i samfunnet.

– Det er nettselskapa sitt samfunnsoppdrag å byggja ut, fornya og halde ved like det eksisterande straumnettet. Det er ein ekstraordinær situasjon som gjer at me kan redusera nettleiga frå 2023-takstane, seier Smedegård.

Han forklarar at dette heng saman med at Straumnett og Hydro har vorte samde om ein avtale i ei sak som har gått føre seg over lang tid.

Les meir om denne saka her.

– Hydro, som krev nettleige frå Straumnett, har måtte endre sine tariffar for bruk av kostnadar knytt til det interne nettet sitt. I tillegg har partane vorte samde om eit forlik om ein minneleg kompensasjon til Straumnett. Denne kompensasjonen blir sett på som meirinntekt og vil utgjera ein effekt på nettleiga på om lag 11 millionar kroner, og kjem kundane i Straumnett til gode i form av reduserte nettleigeprisar for det komande året.

Kjem godt med

Smedegård legg ikkje skjul på at ein så betydeleg prisreduksjon som 32 prosent på nettleiga kjem godt med i ei tid der husstandane opplever auka utgifter.

– Trass i at me er eit lite nettselskap leverer me gode resultat, mellom anna vart me i år kåra til det mest stabile nettselskapet i landet basert på 2022-tala, og ikkje minst fekk me landa ein avtale med Hydro etter lang tids kamp. No får kundane ei billigare nettleige, og det er me sjølvsagt veldig glade for, seier Smedegård.

Nye nettleigeprisar for 2024 kan du lesa her.

Les mer