
Kompensasjon ved langvarige avbrot
Noregs vassdrag og energidirektorat (NVE) har vedteke endring i kontrollforskrifta som medfører at kundar med langvarig straumavbrot skal kompenserast økonomisk.
Endringa vert regulert av:
Forskrifta om økonomisk og teknisk rapportering, inntektsramme for nettverksemda og tariffar
Når vert kravet om kompensasjon initiert:
Kriteria for når kunden får kompensasjon for langvarig avbrot vert regulert av følgjande moment.
Straumavbrotet skal overstige 12 timar (sjå dei ulike satsane.)
Straumavbrot i høgspent og lågspent nett.
Anna:
Kompensasjonen samla over året, kan ikkje overstiga forventa nettleiga for inneverande år.
Kravet om kompensasjon gjeld ikkje dersom kunden sjølv er årsak til straumbrotet, eller ved defekt i kundens installasjon.
Satsar pr. målepunkt er:
for hushaldningar: 500 kroner ved avbrot på 12 timar og deretter ein sats på 40 kroner per time.
for fritidsbustadar: 125 kroner ved avbrot på 12 timar og deretter ein sats på 10 kroner per time.
Kompensasjonen skal utbetalast sluttbrukaren innan 12 veker etter at straumtilførselen vart gjenoppretta.