Ofte stilte spørsmål

Her finner du svar på ofte stilte spørsmål. 

  • Straumnett AS har områdekonsesjon for å drifta og bygga straumforsyningsnett i Årdal kommune. Vårt ansvar er å yta ein god og driftssikker straumforsyning til kundar i alle områder av kommunen. Verksemda er eit dotterselskap av Årdal Energi Holding.

  • Nettselskap: Eit nettselskap eig og driftar overføringsnett for elektrisk energi. Du kan ikkje velja nettselskap sjølv, og dei blir strengt regulert av staten. Straumnett AS er nettselskapet i Årdal kommune.

    Kraftselskap: Kraftselskap er kraftprodusentar som eig kraftverk og produserer elektrisk kraft, men det kan også vere selskap som kjøper og sel kraft.

  • I 2023 hadde Straumnett 3602 nettkundar.

  • Energiledd + Kapasitetsledd = Nettleige

    Nettleige er avgifta du betalar for å nytte straumnettet. Som du kan sjå på fakturaen din består nettleiga av to deler. Den eine delen er energileddet som er prisa etter kraftforbruk og den andre delen er sokalla kapasitetsledd, eit månadleg beløp basert på kor mykje effekt du brukar samtidig. Kapasitetsleddet vert rekna ut frå gjennomsnittet av dei tre timane med høgast forbruk i månaden.

  • Inntektene som nettselskapet får skal gå til å drifte, vedlikehalda og utvikla straumnettet i området. Kostnadane blir fordelt på tal abonnentar. Den enklaste måten å få redusert prisen du betalar i nettleige er ved å redusera straumforbruket.

    Slik ser fordeling for ein typisk hushaldningskunde med eit årsforbruk på 20 000 kWh i 2023:

    ·       Energiledd: 34 %

    ·       Kapastitetsledd: (25 %)

    ·       El-avgift: (19 %)

    ·       Enova: (2 %)

    ·       MVA: (20 %)

  • Nei, du kan ikkje velja nettselskap sjølv. Straumnett er nettselskapet i Årdal kommune, men du kan fritt velje kven du vil kjøpa krafta frå.

  • Nettselskapet vil fakturere deg for nettleiga i samsvar med avtalen og gjeldande reguleringar. Straumnett AS har sokalla gjennomfakturering med Årdal Kraftlag. Det vil seia at du får èin faktura. Dersom du har ein anna kraftleverandør enn Årdal Kraftlag, vil du få ein faktura frå Straumnett og èin faktura frå kraftleverandøren din.

  • Straumstønad er kor mykje du får kompensert gjennom gjeldande støtteordning. Stønaden gjeld ikkje for hytter og fritidsbustadar. Les om regjeringas straumtiltak her.

  • Dersom du flyttar, er det viktig å melde frå til nettselskapet slik at dei kan oppdatere informasjonen om tilkoplinga di. Meld flytting her.

  • Ved straumstans eller problem med straumforsyninga, bør du ta kontakt med oss for assistanse og rettleiing. Tlf: 57 64 86 00. E-post: post@straumnett.no

  • Me set pris på tilbakemelding om feil og manglar på våre anlegg. Straumnett har vaktordning 24 timar i døgnet og er klare til å rykkje ut for å utbetre feil. Du kan ta kontakt med vårt vaktpersonell på telefon 57 64 86 00 eller melda inn feil HER. Manglar og feil på gatelys skal meldast inn til Årdal kommune. Det kan du gjere ved å trykke HER.

  • Skal du grave i hagen og treng kabelpåvisning? Då kan du ta kontakt med oss på Tlf: 57 64 86 00 eller e-post: post@straumnett.no.

    Sjå også her for informasjon om byggjestraum.

  • Har du nettopp kjøpt din første elbil? Eller eig du ein allereie? Reglane for elbil seier at det er eit krav med ladeboks ved nyinstallasjon for fast elbillading. Lading ved vanleg stikkontakt er berre lovleg til naudlading. Direktoratet for sikkerheit og beredskap (DSB) har konkludert med at elbilar ikkje er meir utsett for brann enn fossile bilar. Likevel må risikoen handterast på ein anna måte, og dedikerte ladepunkt er viktig for å førebyggje brannutbrot.

  • Kundar som skal ha kontroll vil på førehand bli varsla om dette.

    Ved andre spørsmål vedrørande eltryggleik, sjå denne sida.

    Eller ta kontakt med Straumnett AS ved Bjørn Hunshammer. Han kan nåast på mobil: 90 16 41 59.