
Skal du flytte?
Når du flyttar, må du ta kontakt med din kraftleverandør. Kraftleverandøren vil hjelpa deg med det praktiske knytt til flyttinga og ditt kundeforhold, inkludert:
Bestilling av straum til din nye bustad
Oppseiing av din noverande kraftavtale
Melde inn- og utflytting
Oppdatere namn, adresse, e-post, og telefonnummer
For å sikra ein smidig prosess, må du oppgje målepunkt-ID eller målarnummer når du kontaktar din straumleverandør.
Levering av kraft og ventetariff
Som netteigar er Straumnett forplikta til å levera straum fram til du har valt ein kraftleverandør og inngått ein ordinær kraftavtale. Dersom du ikkje har valt ein leverandør, vil du bli sett på ein ventetariff, som består av spotpris pluss eit påslag. Les meir om våre nettleigeprisar her.
Straumnett er forplikta til å opptre nøytralt overfor alle kraftleverandørar og kundar, i tråd med retningslinjer gitt av NVE.