
Skifte kraftleverandør
Elektrisitetsleveransen består av to delar, ein monopolregulert del (nettselskap) og ein konkurranseutsett del (kraftleverandørar). Dette inneber at kundar må inngå avtale både med det lokale nettselskapet og med ein kraftleverandør.
Inntil du har valt deg kraftleverandør er nettselskapet pliktig til å levere deg kraft på dyrare vilkår enn normalt. Denne leveransen kallast leveringsplikt og er kun meint som ei midlertidig løysing.
Prising av leveringspliktig kraftleveranse er regulert av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) dei fyrste 6 vekene. Etter dei første 6 vekene har Straumnett sett prisen.
Leveringsplikt – prisar
Frå 0 til 6 veker: Gjennomsnittleg marknadspris (spotpris) + 6,25 øre/kWh inkl. mva
Etter 6 veker: Gjennomsnittleg marknadspris (spotpris) + 12,5 øre/kWh inkl. mva
Tariffnamnet er Ventetariff. Nettleige kjem i tillegg i begge tilfella. Fakturering i lag med nettleiga.
Les meir om leveringsplikt på NVE sine sider
Korleis gjennomføre leverandørbyte?
Det er kostnadsfritt å byte kraftleverandør. Nettselskapet skal leggje til rette for at kundar skal gjennomføre leverandørbyte.
Me vil tilrå deg å besøkje Forbrukerrådet sin prisoversikt: www.strompris.no. Her vil du kunne samanlikne tilbod frå dei ulike kraftleverandørane som leverer kraft i Årdal kommune.