Gravemelding

Før du skal grave, er det viktig å søke om gravemelding. Under bakken kan det skjula seg straumkablar og meir. Om du grev utan å vite kvar desse ligg, kan du skade desse installasjonane. Dette kan føre til straumbrot eller farlege situasjonar. Når du søker om gravemelding, får du vita kvar leidningar og røyr ligg, slik at du kan grave trygt. På denne måten unngår du skade på eigne eller andre sine installasjonar, og du slepp unødvendige kostnadar.

Byggjestraum

Skal du i gang med eit byggjeprosjekt og treng mellombels straumforsyning?

Dersom du treng straum i byggeperioden, kan du få mellombels byggjestraum via eit byggjeskap. For å bestille byggjestraum, ber me deg fylle ut skjemaet under.

Hugs også å inngå ein avtale med ein straumleverandør.

Merk at det kan vere noko behandlingstid på slike søknadar, så det er lurt å søkje i god tid.

Våre prisar:

  • Oppsetting og nedtaking av byggjestraum: kr 2 500,-