Bør eg velja Norgespris?
Frå og med 1. oktober 2025 kan alle hushaldningar velja Norgespris i staden for straumstøtte. Det betyr at du bør vurdere kva for ei ordning som passar best for deg.
Samanlikning av straumstøtteordninga og Norgespris
Straumstøtteordninga
Staten dekkjer 90 % av kostnaden over 94 øre/kWh med mva. (75 øre/kWh utan mva.). Du får automatisk straumstøtte dersom du ikkje aktivt vel Norgespris.
Ingen bindingstid.
Straumstøtte gjeld berre bustad.
Forbrukstak på 5 000 kWh/månad for bustad og 1 000 kWh/månad for fritidsbustad.
Krev straumavtale med straumleverandør, akkurat som i dag.
Norgespris
Du betaler Norgespris på 50 øre per kWh med mva. (40 øre utan mva.).
Krev at du aktivt bestiller Norgespris. Du har 14 dagars angrerett.
Bindingstid. Straummålaren blir låst til Norgespris ut avtaleperioden (dvs. til 31. desember 2026).
Noregspris gjeld for bustad og fritidsbustad. Forbrukstak på 5 000 kWh/månad.
Krev straumavtale med straumleverandør, akkurat som i dag.
Dette må du vite før du vurderer
Ver merksam på at det er vanskeleg å føreseie framtidige straumprisar. Det er difor ikkje mogleg å seia sikkert kva som lønner seg. Dette er berre rettleiing og hjelp til å vurdere om du bør velje Noregspris – ikkje ei fasit.
Vel du Noregspris, får du ein føreseieleg straumpris gjennom heile året. Ordninga gjev deg ein fast pris per kWh for straumforbruket ditt – også dersom straumprisane er lågare i marknaden.
Dagens straumstøtteordning gjev ei forsikring mot dei høgaste straumprisane, men prisane vil variere med svingingane i marknaden.
Før du vel Noregspris bør du tenkje på:
Kvar i landet bustaden/fritidsbustaden ligg. Noreg har fem prisområde for straum. Det kan vere store skilnader i pris. Til dømes har spotprisen dei siste åra vore langt høgare i NO2 (Sørlandet) enn i NO4 (Nord-Noreg).
Korleis straumforbruket ditt varierer gjennom året. Tenk på når du har størst forbruk. Straumprisen er typisk høgare om vinteren enn om sommaren.
Sjekk tidlegare rekningar. Logg inn på minside.elhub.no for å sjå korleis Noregspris ville påverka straumrekninga di dei siste åra.
Bindingstid. Straummålaren blir låst til Noregspris ut 31. desember 2026.
Risiko. Dersom spotprisen blir lågare enn Noregspris i bindingstida, kan du ende opp med å betale meir enn utan Noregspris.
Flytting. Noregspris er knytt til straummålaren, ikkje til deg som person.
Fritidsbustad? Sjå eiga rettleiing for kva du bør tenkje på.