Ta elsjekken i dag – og førebygg brann i heimen
15. oktober er den store Elsikkerheitsdagen.
Me brukar straum kvar dag, ofte utan å tenkja så mykje over det. Samstundes kan straum vera farleg dersom han blir brukt feil.
15. oktober er den store Elsikkerheitsdagen. Denne datoen kvart år blir alle som eig eller brukar eit elektrisk anlegg, oppmoda om å gjennomføra ein elsjekk for å avdekkja feil eller manglar. I fjor blei det oppdaga fleire tusen farlege feil i bustader over heile landet.
– Punkta i elsjekken er laga slik at alle kan kontrollera anlegget sitt. Sjekken kan avdekkja teikn til varmgang og i beste fall førebyggja brann. Desse punkta er baserte på kva som oftast fører til varmgang og brann, forklarar Bjørn Hunshammer, DLE-ansvarleg i Straumnett.
Elsjekken kan gjerast enkelt på www.elsikkerhetsdagen.no, heile året.
Elsjekken tek for seg blant anna lading av elbil, støpsel ved varmtvannsberedar, bruk av skjøteleidningar og testing av jordfeilbrytar i sikringsskapet.
Mange veit ikkje at jordfeilbrytarar og jordfeilautomatar bør testast minst éin gong i året. Ved gjennomføring av elsjekken har fleire oppdaga at desse ikkje fungerer som dei skal, og dermed ikkje gir den tryggleiken dei er meint å gje.
Oppdaga fleire hundre feil
I løpet av dei tre siste åra har nær 80 000 personar gjennomført elsjekken. Om lag 10 prosent av desse hadde teikn til varmgang ved støpsel til varmtvannsberedar eller anna energikrevjande utstyr. Varmgang kan i verste fall føra til brann.
– Dersom du oppdagar teikn til varmgang ved slikt utstyr, må det koplast frå og utbetrast. Kontakt ein autorisert elektrikar dersom du er usikker, oppmodar Hunshammer.
Dei siste åra har det òg vore ein auke i brannar der elsparkesyklar har vore involverte.
– Trenden med brann i elsparkesyklar er dessverre aukande, og skjer ofte i samband med lading. Ein brann i ei slik batteripakke er nær umogleg å sløkkja, og kan vera eksplosjonsarta, seier Hunshammer.
Kan vinna premiar
Under årets markering av Elsikkerheitsdagen blir alle landets nettkundar inviterte til å gjennomføra ein elsjekk av sitt elektriske anlegg.
Svarer du på alle spørsmåla i løpet av kampanjeperioden (20. september til 31. oktober), kan du vera med i trekninga av eit gåvekort på 25 000 kroner.
Kvart år blir det trekt ut nye, heldige vinnarar.
Testen som Straumnett oppmodar alle til å ta, består av nokre få, men viktige kontrollpunkt. Du treng berre nokre minutt, og spørsmåla er enkle å svara på.