Straumnett justerer nettleiga
Straumnett aukar nettleiga frå 1. februar 2026.
Årsaka til justeringa er generell kostnadsauke i marknaden. For ein privatkunde med eit gjennomsnittleg årleg forbruk på 20 000 kilowattimar, utgjer dette om lag 5,8 øre/kWh inkl. mva.
Nettleige privatkundar
Prisar nettleige privatkundar frå 1. februar 2026.
Nettleige næringskundar
Prisar nettleige næringskundar frå 1. februar 2026.
Lågare avgiftssatsar frå 2026
Stortinget har vedteke nye avgiftssatsar for 2026 som gir lågare statlege avgifter på straum. Forbruksavgifta (elavgifta) vert redusert frå 15,66 øre/kWh til 8,91 øre/kWh i 2026 (inkl mva).
Kva er nettleige?
Nettleige er det du betalar for å bruke straumnettet.
Den består av to delar:
Energiledd
• Dette er betaling per kilowattime du brukar.
• Altså: jo meir straum du brukar, jo meir betalar du i energiledd.
Kapasitetsledd
• Dette er eit fast månadsbeløp som kjem i tillegg.
• Kor mykje du må betala kjem an på kor mykje straum du brukar samtidig.
• Rekninga tek utgangspunkt i gjennomsnittet av dei tre timane i månaden der du brukte mest straum på ein gong.