Kuldeperiode aukar risiko for varmgang og branntillaup

Illustrasjonsfoto.

I samband med ny kuldeperiode minner DLE v/ Straumnett alle kundar om å sjekke inntakssikringar og sikringsskap for teikn til varmgang.

Auka straumbruk om vinteren kan føre til overbelastning, og i verste fall branntillaup.

Dette er spesielt viktig i anlegg der inntaket er felles med naboar, og i eldre bustader. Inntakssikringar som er plasserte inne i huset må kontrollerast jamleg. Gamle sikringar krev oftare ettersyn og gir lågare tryggleik enn nyare løysingar.

Skrusikringar må strammast til med jamne mellomrom. Dersom sikringane ryk ofte, kan det vere eit teikn på at det elektriske anlegget ikkje er tilpassa dagens bruk. I eldre hus er inntakssikringar ofte plasserte i kjellar, på loft eller i eige skap under sikringsskapet.

Ved varmgang, auka belastning eller mistanke om feil, tilrår DLE at du tek kontakt med ei registrert installasjonsverksemd for kontroll av anlegget.

Enkle grep kan førebyggje brann og auke tryggleiken i heimen. Les meir om eltryggleik her. Her finn du også sjekkliste for eigenkontroll:
https://straumnett.no/eltryggleik.

Forrige
Forrige

– Ventetida var heilt grusom

Neste
Neste

Straumnett justerer nettleiga