– Ventetida var heilt grusom
ENDELEG: Sondre Bale feira dagen med kake og eit stort smil.
Sondre Bale var spent på kva sensorane diskuterte bak lukka dører.
– Dei spurde meg ut om forskriftene og arbeidet eg hadde gjort, før eg vart sendt på gangen. Då var nervene i høgspenn medan eg venta på svaret, seier Sondre Bale.
Då han fekk dommen like etterpå, var det som om mange, mange kilo letta frå skuldrene.
– Eg hadde eigentleg ei god kjensle, men pulsen slår og du er nervøs for kva dei vil seia, gliser Sondre.
Til slutt fekk han vita at han hadde bestått, ja, til og med med meget tilfredsstillande på fagprøven.
Fin læretid
No kan han endeleg kalla seg energimontør etter 2,5 år som lærling i Straumnett.
– Det er skikkeleg godt å endeleg vera ferdig. Du får tre oppgåver på fagprøven. Mi gjekk ut på å setja opp ein fordeling, ein stolpe og ein nettstasjon. Dei siste vekene har gått i eitt.
Sondre kan sjå tilbake på ei fin læretid i Straumnett, der han har fått vera med på mykje spennande.
– Det er eit artig yrke, til tider litt tungt arbeid, der du er ute i all slags vêr og løyser ulike oppgåver knytte til nettdrift.
Sondre har trivst i rolla som lærling i Straumnett.
Mellom anna har han vore med på mykje oppryddingsarbeid etter stormane Jakob og Amy som har herja. No ventar nye oppgåver for Sondre, som blir med gjengen i Straumnett ut februar.
Mange jarn i elden
– Eg har fått eit jobbtilbod som er veldig spennande, før eg reiser i militæret i august. Det ser eg fram til.
Likevel kjem han til å sakna gjengen i Straumnett.
– Det er klart eg gjer. Eg har hatt ei fin læretid, lært mykje og kjem til å sakna kollegaene og arbeidsmiljøet.
I tillegg er Sondre aktiv i politikken, og er nyleg vald inn som Senterungdomskontakt i styret til det nyoppretta Senterpartiet i Årdal.
– Eg har alltid likt å engasjera meg. Uansett kvar eg endar opp til slutt, vil eg prøva å engasjera meg i politikken også, seier Sondre.
Arn Roger Haugland, nettsjef i Straumnett, er glad på Sondre sine vegner etter bestått fagprøve.
– Eg var så sikker på at dette kom til å gå bra at kaka allereie var bestilt, smiler Haugland.
Han gler seg over å kunna nytta seg av Sondre sine tenester ei lita stund til.
– Sondre har vore ein dyktig og læreviljug lærling som er godt likt av alle. No ønskjer me han lykke til vidare på ferda, med gode jobbmoglegheiter, militærteneste og meir.