Spleiselag lyser opp Årdalstangen
Lyssetting og betre infrastruktur har vore eit tema i mange år. No har eit spleiselag gjort dette til eit glimrande prosjekt.
- Dette er eit godt prosjekt fordi det handlar om å få med flest mogleg aktørar på laget for å få reduserte kostnadar for alle. No er dette eit spleiselag mellom fire aktørar; Straumnett, Årdalsnett, Årdal kommune og Østfold Energi, seier Arn Roger Haugland, nettsjef i Straumnett.
Det er Straumnett som er byggherre i prosjektet, som vart starta opp i vår.
- For vår del legg me opp høgspentkabel for at me sjølv skal kunne forsyne Steiggjetunnelen og Loi. Saman med dei andre aktørane i prosjektet har me lagt kabel i grøft frå Steinknusaren til litt forbi tunnelen. Det same har Østfold Energi gjort, medan Årdalsnett har lagt fiberøyr i same grøft. Årdal kommune har lagt lågspent og belysning langs stien.
Stien frå Steinknusaren til Loi er ei populært turløype på Årdalstangen, der vegen fram til rasteplassen vart opna for publikum 20. august. Totalt er det sett opp om lag 60 nye lyktestolpar på strekkja, og dei har gjeve turløypa eit skikkeleg løft.
Sjølv om den nær to kilometer lange turstien nærmar seg ferdig, har Straumnett eit vidare mål om å leggja kablar i grøft også frå Steinknusaren til Sandgota.
- Målet er å koma ned til øvste brui på Tangen før vinteren, og kommunen står for nye lyktestolpar. Dette er eit prosjekt me tek i etappar og er ei strategisk investering for oss, seier Haugland.
Leif-Sigurd Guttormsen, avdelingsleiar teknisk, er klar og tydeleg på kvifor Årdalsnett er med på laget:
- For oss handlar det om auka tryggleik i nettet og for å betra infrastrukturen vår. Dette vil gjera oss langt meir robuste og me er veldig nøgde med måten me saman har realisert og løyst dette prosjektet på, seier han.