Fem minutt som kan hindra brann i heimen
15. oktober markerer me Elsikkerheitsdagen over heile landet.
15. oktober er den store Elsikkerheitsdagen. Det tek berre nokre minutt å ta ein enkel sjekk av det elektriske anlegget heime, og du kan vinna 25 000 kroner.
Me brukar straum kvar dag utan å tenkja så mykje over det. Likevel har om lag halvparten av alle bustadbrannar i Noreg ei elektrisk årsak. Brannen kan koma av feil i sjølve anlegget eller av feil bruk av elektriske apparat.
Difor blir alle som eig eller brukar eit elektrisk anlegg oppmoda om å ta elsjekken på Elsikkerheitsdagen. Elsjekken er ein enkel eigenkontroll av anlegget heime. Han ligg på elsikkerhetsdagen.no og kan takast heile året.
– Kontrollpunkta er laga slik at alle kan gå gjennom dei, utan å vera elektrikar. Dei byggjer på det som oftast fører til varmgang og brann, seier Bjørn Hunshammer, DLE-ansvarleg i Straumnett.
Over 2000 fann teikn til varmgang
I fjor gjennomførte over 54 000 personar elsjekken. Over 2000 av dei hadde opplevd varmgang i støpselet til varmtvassberedaren.
– Varmtvannsberedaren trekkjer mykje straum over lang tid. Er støpselet misfarga, varmt eller laust, må det koplast frå og utbetrast. Er du usikker, skal du kontakta ein autorisert elektrikar for ein nøyare gjennomgang, seier Hunshammer.
Elsjekken tek òg for seg lading av elbil, bruk av skøyteleidningar og testing av jordfeilbrytaren i sikringsskapet. Jordfeilbrytarar bør testast minst éin gong i året, men mange gløymer det. Somme har oppdaga gjennom elsjekken at brytaren ikkje fungerer som han skal.
Nytt i år: Sjå korleis Årdal ligg an
I år viser nettsida eit kart over kor stor del av dei private elektriske anlegga i kvart område som har teke testen. Jo fleire som tek han, jo større blir boblen på kartet.
– Me vil gjerne at Årdal skal synast godt på kartet. Kvar sjekk er ein liten innsats som kan hindra ein brann, seier Hunshammer.
Kan vinna 25 000 kroner
Alle som svarer på alle spørsmåla i kampanjeperioden, er med i trekninga av eit gåvekort på 25 000 kroner. Ta elsjekken på elsikkerhetsdagen.no.