Sigve Snøtun er lærling i Straumnett og trivst med varierte og spennande arbeidsoppgåver.
Som bestefaren reiste Sigve Snøtun frå Jostedalen til Årdal for å jobba. No er han Straumnett sin nye lærling.
– Eg fann tidleg ut at eg ville bli energimontør. Eg fekk tips om Straumnett og sendte inn ein søknad. Eg vart kalla inn til intervju, og det var ei stor lette då dei ringde og tilbydde meg læreplass, seier Snøtun med eit lurt smil.
Den blide jostedølen hadde sin første arbeidsdag i Årdal 10. august.
– Eg har blitt tatt godt imot. Alle er greie og hyggelege å prata med. Det er eit enkelt miljø å koma inn i. Samstundes er det fint å vera ein del av eit konsern, seier Snøtun, som er blitt godt kjent med tilsette på tvers av selskapa på huset i Utladalsvegen 1.
Variert arbeid
Av oppgåvene som no ventar, kan ein nemna arbeid med kraftlinjer, nettstasjonar, belysing og mykje arbeid i høgda. Læretida er normalt 2,5 år og blir avslutta med ei praktisk fagprøve. Allereie i mai skal han opp til teoretisk eksamen.
– Det er veldig interessant og variert arbeid. Eg tykkjer det er givande å vera med på større prosjekt. Når eg ser det ferdige resultatet, kan eg seia til folk at dette har eg vore med på, seier 18-åringen, og viser til Loi-prosjektet på Årdalstangen, som han er ein del av.
– Der er det mykje kabeltrekking og slikt. Elles har eg vore med på klatring og kopla opp endemastar, og eg har vore med på å kopla opp straum til transformatorar.
Her er Sigve med på kabeltrekking på Loi-prosjektet.
Gjer som bestefar
Som så mange før han har Sigve reist frå Jostedalen til arbeid i Årdal, då ofte knytt til kraft- og industribygginga. Soleis er han med på å styrka den gode koplinga mellom lustringar og årdøler.
– Bestefar min kom også frå Jostedalen og fekk seg jobb på verket. Så du kan seia eg går i fotspora hans. No bur eg åleine for første gong i livet, i ei kjellarleilegheit i Øvre. Der har eg det fint, og det går faktisk mest i eigenlaga mat, slår han fast.
Arn Roger Haugland, nettsjef i Straumnett, er nøgd med å få med Sigve på laget.
– Sigve gjorde eit godt førsteinntrykk i intervjuet og har lyst å bli energimontør. Straumnett har lang og god erfaring med å ta imot lærlingar. Saman med Sogn Opplæringskontor, som har oppfølgingsansvaret, er me som lærebedrift glade for å kunne hjelpa Sigve på vegen mot eit fagbrev. Han har allereie kome godt inn i miljøet vårt og er ein lærelysten og kjekk kar, seier Haugland.