Bestilling av Norgespris opnar 24. september
Frå 24. september blir det mogleg å bestille Norgespris på straum. Den nye statlege ordninga gjeld frå 1. oktober og kan bestillast når som helst i løpet av året.
– Om kort tid opnar me for moglegheita til å bestille Norgespris på både straum og fjernvarme, heime og på hytta. Norgespris er ei valfri ordning som gjev folk ein fast og føreseieleg straumpris, seier energiminister Terje Aasland i ei pressemelding.
Noregspris er ei valfri statleg finansiert ordning som skal gje folk tryggleik og føreseielegheit for straum- og fjernvarmeutgiftene. Folk kan velja fast pris på straum og fjernvarme både heime og på hytta. Dei som ikkje vel Noregspris heime, held fram med dagens straumstøtte.
Frå 1. oktober 2025 til 31. desember 2026 er Noregsprisen 50 øre per kilowattime inklusiv meirverdiavgift. For straumkundar kjem nettleige, avgifter og eventuelle påslag i tillegg, avhengig av straumavtalen.
Bestilling av Norgespris på straum gjer ein via minside.elhub.no med elektronisk ID.
Du kan bestille Norgespris når som helst i løpet av året. Norgespris på straum gjeld frå datoen ein bestiller, men tidlegast frå 1. oktober 2025.
Frå 16. september kan straumkundar logge seg inn på elhub.no for å sjå korleis Norgespris ville påverka straumrekninga tidlegare år, samanlikna med straumstøtte.
Norgespris følgjer målepunktet for straum, og ikkje personen som bestiller. Dersom ein bustad med Norgespris byter eigar eller leigetakar, vil avtalen framleis gjelde ut 2026.
Det er 14 dagars angrerett frå bestillingstidspunktet. Etter dette er det ikkje mogleg å seie opp avtalen før han går ut 31. desember 2026.
For meir informasjon om Noregspris, sjå Spørsmål og svar om Norgespris – regjeringen.no.