Byter ut gamle luftleidningar med nye kablar i bakken: – Slår fleire fluger i ein smekk
Det gode trekantsamarbeidet mellom Straumnett, Årdalsnett og Årdal kommune held fram.
Dei siste månadane har det gått føre seg mykje arbeid i Vesvollvegen, Midtunsvegen og Viggo Hanstensveg i Øvre Årdal. Her legg Straumnett ned straumkablar, medan Årdalsnett legg ned fiber og kommunen legg ned kabel til veglys.
– Bakgrunnen for at me gjer dette no er fordi det var lite eksisterande straumkapasitet igjen i dette område. Difor skal me legga om høgspentnettet og setje opp ein ny nettstasjon, seier prosjektleiar Arn Roger Haugland i Straumnett.
Det er ikkje første gong at Straumnett er med på dette samarbeidet med Årdal kommune og Årdalsnett. Tidlegare har det vorte gjort forsterkingar og oppgraderingar i Rindevegen, Nordahl Griegs veg og Rolf Wickstrøms veg på Årdalstangen, og Risevegen/Ivar Noreviksveg og Sitlevegen/deler av Veesvegen i Øvre Årdal.
– Me gjer dette i samband med at kommunen har ein plan for å leggja ny asfalt. Då slår me fleire fluger i ein smekk, forklarar Haugland.
Arbeidet på Farnes har gått føre seg sidan midten av april.
– Me sende først ut eit informasjonsskriv til naboar i februar, deretter hadde me eit nabomøte i mars og så var det oppstartsmøte og byggjestart i april. Arbeidet vil gå føre seg over to fasar. No er det grave opp og lagt kablar i bakken i Viggo Hanstenseveg og deler av Vesvollvegen. I fase 2 blir det same gjort for resten av Vesvollvegen og Midtunsvegen. Planen er at siste del av asfaltering vil skje i løpet av hausten.
– Samstundes har me oppmoda bebuarane til å gripe moglegheita til å forsterke inntaka til husa sine, og her har alle aktuelle bebuarar gripe mogelegheita. Då legg me ny kabel inn til nytt tilknytingsskap på husvegg. Dette er også ein fordel for dei som planlegg å få – eller har elbil-ladar.
Haugland ser mange fordeler med å være med i dette samarbeidet.
– På denne måten får me forsterka nettet og auka kapasiteten i område med ny nettstasjon. Me får fjerna gamle kraftstolpar med hengekablar. Slik sett er det også eit veldig flott tiltak for Årdal.
Det er Årdal kommune som er byggherre, medan Straumnett og Årdalsnett er entreprenør i prosjektet. VLS er underprenør.
– Det er travle tider i Straumnett om dagen. I tillegg til dette prosjektet jobbar me mellom anna med oppgradering av Vettis-lina, etablerer straumforsyning til ny ladestasjon på Jotunplassen, vedlikehald, linjebefaring og synfaring av eksisterande anlegg. Snart startar også arbeidet med vedlikehald på Tyin-linja opp att, seier Haugland.