Haugland tilbake i Straumnett
TILBAKE: Arn Roger Haugland er tilbake i Straumnett.
Arn Roger Haugland har returnert til Straumnett og tek over som ny nettsjef.
– Det er jo litt spesielt, men eg er veldig glad og motivert for å gå laus på oppgåvene som ventar, seier Haugland.
Haugland arbeidde tidlegare som energiingeniør i Straumnett, men forlét selskapet i fjor sommar til fordel for ei stilling innan oljebransjen.
– Eg hadde det veldig fint her, men så fekk eg eit spennande tilbod frå eit selskap eg kjende godt til. Eg hoppa på moglegheita og angrar ikkje på det valet, forklarar han.
Omstrukturering
I samband med omstruktureringar i Årdal Energi-konsernet, og med auka fokus på HMS, ønskte tidlegare nettsjef å ta på seg rolla som HMSK-ansvarleg for å styrke innsatsen på dette viktige området. Dette opna for at Arn Roger Haugland vart eit naturleg val som erstattar.
– Me sakna Arn Roger på huset etter at han slutta. Han er ein dyktig, likande og svært kompetent person. Då denne stillinga opna seg, var det naturleg å høyra om han ville koma tilbake til oss. Det er me svært glade for at han ville, seier konsernsjef Jan Stian Smedegård.
Haugland hadde sin første arbeidsdag i den nye rolla 2. januar. Han legg ikkje skjul på at det er mange utfordringar som ventar.
Mykje å gjera
– Slik er det i alle nettselskap. Me er strengt regulerte av myndigheitene som stadig stiller strengare krav til oss. Vårt ansvar er å yta ein god og driftssikker straumforsyning til kundar i alle delar av kommunen, forklarar han.
Haugland trekk fram at den korte tida vekke gjer at han framleis har god kjennskap til system, rutinar, tilsette og kundar.
– Det er alltid mykje å gjera i nettselskapet, fokuset framover er å først og fremst å sikra stabilitet og rutinar, sjå framover og løfta oss på enkelte område. Saman med dei dyktige tilsette skal me dra dette lasset i lag. Eg er svært motivert til å gjera ein god jobb for Straumnett, avsluttar han.