Kvifor må me setja opp nettleiga?

Straumnett må setja opp nettleiga.

Lågt skydekke. Dronefoto: Stian Bye

I 2024 kunne kundane våre nyta godt av ein kraftig reduksjon i nettleiga. No er tida komen for å justera prisen opp att. Her forklarar me kvifor – og korleis nettleiga er bygd opp.

– Me forstår at auka kostnader merkast i kvardagen. Difor er me opptekne av å forklara kvifor me må justera prisen, og kva du faktisk betalar for, seier Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Straumnett.

Sette ned prisen

Medan nettselskapa rundt om i landet måtte auka prisane sine inn mot 2024, kunne Straumnett senka nettleiga. Bakgrunn for det var ein avtale mellom Straumnett og Hydro, der me fekk ei økonomisk kompensasjon etter ei langvarig sak.

Hydro måtte endra tariffane sine for bruk av det interne straumnettet sitt, og me kom samstundes fram til eit forlik som innebar ein kompensasjon til Straumnett. Denne summen vart rekna som ei meirinntekt, og heile beløpet blei brukt til å setja ned nettleiga for kundane våre i 2024 og inn i 2025.

Ikkje store skilnadar mellom nettselskapa i vårt område

No er denne kompensasjonen brukt opp, og difor må me justera nettleiga. For ein kunde med årsforbruk på 20.000 kWh betyr dette ein auke på om lag 12-14 øre per kilowattime, inkludert alle avgifter. (MVA, Enova-avgift og forbruksavgift).

– I 2024 hadde me ein heilt spesiell situasjon som gjorde at me kunne setja ned nettleiga. No er me tilbake på eit meir normalt nivå igjen. Me forstår at endringar i nettleiga kan vekkja spørsmål, og difor vil me gjerne peika på at prisane våre ligg ganske likt med det andre nettselskap i området tek, seier Smedegård.

Endringa i nettleiga blir sett i verk frå 9. mai. Bakgrunnen er at me etter regelverket må varsla om prisendringar minst éin månad i førevegen.

Kven bestemmer prisane?

Nettselskapa i Noreg er regulerte av Reguleringsmyndigheten for energi (RME). Dei bestemmer kva inntektsrammer kvart nettselskap kan ha. Innafor desse rammene fastset nettselskapa sjølve korleis inntektene skal fordelast mellom ulike kundegrupper.

Prisen på nettleiga varierer frå selskap til selskap, avhengig av:

  • Kor mange kundar selskapet har

  • Kor store investeringar og vedlikehald som trengst i nettet

  • Korleis kostnadene blir fordelte mellom ulike grupper

Over heile landet ser ein at nettleiga har auka dei siste åra. Dette skuldast fleire forhold:

  • Me brukar meir straum – både i heimane våre og i industrien.

  • Elektrifisering av samfunnet går stadig raskare.

  • Renta har gått opp, og prisveksten påverkar kostnadene til nettselskapa.

Nettselskapa har eit viktig samfunnsoppdrag med å byggja ut, fornye og halda ved like straumnettet slik at det er klart for framtida.

Slik er nettleiga sett saman

Slik er nettleiga bygd opp.

Om lag halvparten av nettleiga er statlege avgifter.

Nettleiga består av tre delar:

Kapasitetsledd

Dette er ein fast kostnad for å vera tilkopla straumnettet. Prisen avheng av kor mykje straum du brukar samstundes. Brukar du mykje straum på éin gong, får du høgare kapasitetsledd. Jamnar du forbruket utover døgnet betalar du mindre.

Energiledd

Dette er prisen du betalar for det totale straumforbruket ditt. Det er billegare om natta enn på dagtid.

Offentlege avgifter

Nettselskapa krev inn avgifter på vegner av staten. Dette gjeld mellom anna:

  • Forbruksavgift (elavgift)

  • MVA (25 prosent)

  • Avgift til Enova

Om lag halvparten av nettleiga går til slike statlege avgifter – resten går til drift, vedlikehald og utbygging av straumnettet.

Nettselskapa har monopol i sitt geografiske område. Det betyr at du som kunde ikkje kan velja kven som leverer straumnettet til deg då dette er bestemt av staten.

Nye prisar for nettleige frå 2025 finn du ved å trykkje her.

Neste
Neste

Haugland tilbake i Straumnett