Dette er Norgespris
Noregspris er ei ny, statleg ordning som gjev deg ein føreseieleg straumpris gjennom året. Ordninga er frivillig og gjeld frå 1. oktober 2025.
Ordninga gjev ein fast pris på 50 øre per kWh med mva (40 øre utan mva) for straumforbruk heime og på hytta.
Noregspris har eit forbrukstak på 5 000 kWh per månad for hushald og 1 000 kWh for hytter.
Noregspris har bindingstid frå du bestiller til 31. desember 2026.
Noregspris bestiller du på minside.elhub.no.
Du kan ikkje få både straumstøtte og Noregspris samtidig.
Du må framleis ha ein straumavtale med ein straumleverandør.
Merk at det kjem ei eiga ordning for Noregspris for fjernvarme. Me vil lenkja til meir informasjon når den er klar.
Slik bestiller du
Bestillingsløysinga er snart klar.
Du kan bestille Noregspris på minside.elhub.no.
Kontakt nettselskapet ditt dersom du har spørsmål, treng hjelp eller ikkje kan bestille digitalt.
Har du fleire straummålarar registrert på deg, må du bestille Noregspris for kvar enkelt målar. Du kan velja om du vil ha Noregspris på éin eller fleire målarar.
Unngå svindel:
Du bør ikkje klikka på lenkjer i e-postar.
Ingen skal inn i bustaden din i samband med Noregspris.
Du må framleis ha ein straumavtale med ein straumleverandør.
Når bestillingsløysinga for Norgespris er klar, bør du sjølv gå direkte til minside.elhub.no og logge inn med elektronisk ID (BankID, MinID, Buypass eller Confides). Dersom du har problem med å bestille digitalt, kan du ta kontakt med nettselskapet ditt.
Slik fungerer Norgespris
Noregspris gjev deg lik pris heile året
Vel du Noregspris, betaler du 50 øre/kWh med mva heile året. Det betyr at du enten får eit frådrag eller eit tillegg på nettleigefakturaen din. I tillegg til Noregspris må du òg betale nettleige, avgifter og eventuelt påslag frå straumleverandøren.
Bustader i Nordland, Troms og Finnmark betaler ikkje mva på straum. Det betyr at desse betaler 40 øre/kWh.
Ordninga gjeld for hushald sitt straumforbruk i bustader og fritidsbustader. Noregspris gjeld opp til ei maksgrense per månad:
5 000 kWh for hushald
1 000 kWh for hytte/fritidsbustad
For forbruk over dette betaler du den prisen du har avtalt med kraftleverandøren.
Bindingstid
Noregsprisen på 50 øre med mva gjeld for perioden frå 1. oktober 2025 til 31. desember 2026.
Du kan bestille Noregspris når som helst i denne perioden. Avtalen gjeld frå datoen du bestiller.
Du har 14 dagars avbestillingsfrist frå du bestiller.
Når avbestillingsfristen er gått ut, er straummålaren din bunden til Noregspris ut avtaleperioden – det vil seia fram til 31. desember 2026.