Norgespris frå 1. oktober
Norgespris blir innført frå 1. oktober 2025. Foto: Jan Ove Skjerping
Stortinget har vedteke lov om Norgespris. Norgespris er ei ny statleg sikringsordning mot høge straumprisar, som skal tre i kraft 1. oktober 2025. Forskrifta som skildrar alle detaljane rundt ordninga har vore på høyring fram til 12. august, men dette er det me veit så langt.
Kva er Norgespris?
Norgespris er eit alternativ til dagens straumstøtteordning, og føremålet er å gje privatpersonar meir føreseielege og stabile straumkostnader. Norgespris må du som kunde bestilla, og ho vil då vera knytt til din straummålar med ei bindingstid fram til 31. desember 2026. Prisen i bindingstida er ein fast pris på 50 øre per kilowattime (inkl. mva). I tillegg kjem nettleige og eventuelle påslag frå straumleverandøren din. Norgespris blir administrert av nettselskapa og kjem som fråtrekk eller tillegg på nettleigerekninga di.
Korleis bestiller eg Norgespris?
Bestillingsløysinga for Norgespris er ikkje ferdig utvikla, men skal vera klar i siste halvdel av september. Bestilling blir gjort digitalt via Elhub.no, og me vil informera deg meir detaljert når det er opna for bestilling der. Du treng difor ikkje gjera noko førebels.
Kven kan bestilla Norgespris?
Hushaldningar: Alle som bur i privatbustad kan velja Norgespris som alternativ til straumstøtta. Norgespris gjeld då for inntil 5.000 kWh i månaden. Dersom du ikkje bestiller Norgespris, vil du automatisk vera knytt til straumstøtteordninga.
Fritidsbustader: Hytteeigarar kan òg velja Norgespris for å sikra ein føreseieleg straumpris, sjølv om dei ikkje er omfatta av straumstøtteordninga. For fritidsbustader gjeld Norgespris for inntil 1.000 kWh i månaden.
Kva betaler eg for straumen med Norgespris?
Norgespris erstattar ikkje straumavtalen du har i dag, og du må framleis ha ein avtale med straumleverandøren din. Norgespris er ei støtteordning som sikrar deg ein fast straumpris på 50 øre/kWh (inkl. mva). Det er nettselskapa som administrerer ordninga, så du vil bli kompensert eller fakturert via nettleiga på same måte som med straumstøtta.
Er spotprisen lågare enn 50 øre/kWh, betaler du likevel 50 øre/kWh.
Er spotprisen høgare enn 50 øre/kWh, får du kompensert forskjellen mellom spotprisen og 50 øre/kWh.
Når blir Norgespris tilgjengeleg?
Norgespris skal etter planen gjelda frå 1. oktober og kan bestillast frå slutten av september. Du kan bestilla Norgespris når som helst etter dette, men bindingstida vil uansett gjelda fram til 31. desember 2026.
Du kan òg finna spørsmål og svar om Norgespris her: Spørsmål og svar om Norgespris – regjeringen.no (opnast i nytt vindauge).