Sjå kven som vann iPad!
VANN: Rune Løvdahl Larsen kan glisa etter å ha vunne ny iPad.
Rune Løvdahl Larsen vart den heldige vinnaren av ein iPad etter å ha utført eltesten i samband med elsikkerheitsdagen.
Totalt var det 308 nettkundar hjå Straumnett som gjennomførte eigenkontrollar. Dette er eit tal me er svært nøgde med. Samstundes oppmodar me alle som ikkje har utført eigenkontroll om å ta ein sjekk av det elektriske anlegget i heimen.
Gjennom undersøkinga vart det oppdaga 14 teikn til varmgang, mellom anna hjå fem kundar med teikn til varmgang på varmtvasstank og fem med teikn til varmgang på støpsel på vaskemaskin. Det vil seia 14 tilfelle av brann potensielt avverja i Årdal, og me føreset at alle feil og manglar som vart avdekkja under testen, vert utbetra av el-verksemd.
Me registrerer òg at mange elbileigarar ladar i vanleg stikkontakt. Me minner om at lading frå vanleg stikkontakt er forbode. Vanleg stikkontakt kan berre nyttast ved naudlading.
Takk for at du tek eltryggleiken på alvor!
Her er resultata frå elsjekken i Straumnett sitt dekningsområde:
Tal varmtvasstank med støpsel med teikn til varmgang: 9
Tal støpsel på vaskemaskin el. med teikn til varmgang: 5
Tal som har overspenningsvern: 274
Tal som har komfyrvakt: 118
Tal elbileigarar som ladar i vanleg stikkontakt: 19
Tal elbileigarar med ladeboks: 94
Tal elbileigarar som ladar i ladestasjon utanfor heimen: 17
Tal som har skrusikringar: 6
Tal automatsikringar: 85
Tal jordfeilautomatar: 178
Tal med kombinasjonssikringar: 39
Tal som brukar skøyteleidning til utstyr som trekkjer mykje straum: 5
Tal som ladar om natta: 42