Morten Sortland Morten Sortland

Semje mellom Straumnett og Hydro

Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Straumnett AS.

– Dette er ei komplisert sak der to partar har hevda sin rett. Difor er me glade for at me har fått Hydro til å endre sin tarifferingsmodell og at me har landa ein avtale om ein minneleg kompensasjon på våre krav tilbake i tid, seier Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Straumnett.

Lang kamp

Bakgrunnen er at Straumnett og Hydro har vore usamde om Hydro sine tariffar for bruk og fordeling av kostnadar knytt til det interne nettet til Hydro i Årdal.

Saka går heilt tilbake til 2011 då Hydro varsla innføring av tariffar for bruk av Hydro sitt interne nett frå 2012. Hydro sitt syn og praksis på fordeling av kostnadar har vore grunngjeve i at regelverket opna for lågare tariff for industriforbruk enn alminneleg forsyning i nettforholda ved Hydro sitt anlegg i Øvre Årdal.

Saka har hatt stor merksemd blant administrasjon, styret og eigarane til Straumnett.

– Me ser på Hydro som ein svært viktig aktør for lokalsamfunnet og ein viktig samarbeidspartnar. Me har heile vegen hatt god dialog med Hydro, men i denne saka har me vore opptekne av å stå på våre krav og kjempa for våre kundar, seier Smedegård.

I mai fatta Reguleringsmyndigheten for Energi (RME) vedtak om at Hydro må rette tarifferingsmodellen, noko som blei innført med verknad frå 1. juli i år.

RME presiserte at deira avgjerd har verknad framover i tid. Hydro avviste difor i utgangspunktet Straumnett sitt krav på tilbakebetaling for tidlegare år.

Samde om forlik

I november blei det halde eit forhandlingsmøte mellom partane, som resulterte i ein avtale. Den inneber at Hydro betalar ein minneleg kompensasjon til Straumnett for tidlegare år. Denne kompensasjonen blir sett på som fullt og endeleg oppgjer av alle krav i saka. Basert på juridiske vurderingar frå Straumnett si side, er selskapet styrkt i trua på at ein har landa ein god avtale.

Smedegård er stolt over det gode arbeidet Straumnett har lagt ned over lang tid, og gjentek at dette har ført til at Hydro har endra sin tariff, og at partane har blitt samde om eit forlik som vil gje ein effekt på nettleiga til kundane i 2024 på totalt 11 millionar kroner.

Wenche Eldegard, fabrikksjef ved Hydro Årdal, seier at dei sidan 2012 har tariffert i samsvar med regelverket og handla i god tru.

– Styresmaktene har fleire gonger stadfesta at Hydro sin praksis har vore i tråd med regelverket, men RME har i vedtaket frå i mai i år endra syn. Hydro valde difor å ikkje klaga på vedtaket og endra difor tarifferinga. RME slår fast at differensiering av tariffen er mogleg, men meinte at Hydro si grunngjeving ikkje var tilstrekkeleg. For Hydro er det viktig å ha eit godt samarbeid med vertskommunane og Årdal-samfunnet. Me har av den grunn sett det som tenleg å inngå eit forlik med Straumnett om nettleiga, seier Eldegard.

– Korleis vil kundane til Straumnett merke dette, Smedegård?

– For det første måtte Hydro endra sin tarifferingsmodell med verknad frå 1. juli. Det påverkar kundane i Straumnett i form av at me kan halda nettleigekostnadane lågare enn om me ikkje hadde kjempa denne saka. For det andre får me ein minneleg kompensasjon frå Hydro på vårt krav om tilbakebetaling. Forliket betyr at Straumnett vil få for høg meirinntekt i forhold til inntektsramma vår. Desse pengane vil koma kundane til gode i form av form av reduserte nettleigekostnadar over fakturaen i 2024.

Smedegård strekar under at alle nettselskap er strengt regulerte av myndigheitene, og viser til NVE som på sine nettsider skriv følgjande:

«Nettleiga skal gje nettselskapet inntekter til dekning av kostnadane ved transport av kraft, gitt effektiv drift, utnytting og utvikling av nettet. Det er nettselskapet sjølv som fastset nettleiga, men RME kontrollerer at inntektene til nettselskapet hentar inn gjennom nettleiga ikkje er høgare enn det nettselskapet totalt har lov til å ta seg betalt frå sine kundar».

Kontakt for media og presse:

Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Straumnett

Telefon: 48031258

Wenche Eldegard, fabrikksjef i Hydro

Telefon: 97736943

Les mer
Morten Sortland Morten Sortland

Ny nettsjef på plass

Bjarte Kapstad tok til i stillinga som nettsjef i Straumnett  4. desember.

NY I JOBBEN: Bjarte tok til i si nye stilling 4. desember.

Straumnett er glade for å melde at den nye nettsjefen i Straumnett AS har starta i jobben.

Den nye nettsjefen vår heiter Bjarte Kapstad (50) og kjem frå Bygstad. Bjarte er sivilingeniør og har tidlegare jobba i Sunnfjord Energi, Statkraft og BKK.

Bjarte hadde sin første arbeidsdag måndag 4. desember. Han har teke over som nettsjef etter Edvard Holsæter som har gått over i ei ny rolle i konsernet.

Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i morselskapet Årdal Energi Holding, er svært glad for å ha fått med Bjarte på laget.

– Me hadde fleire gode søkjarar på stillinga som var utlyst tidlegare i haust, og me fekk eit veldig godt inntrykk av Bjarte under intervjurunden. Han tek med seg solid erfaring frå energibransjen som Straumnett vil nyta godt av. Samstundes er me veldig glade for at me har med oss Edvard vidare. Han har over 45 år bak seg i Årdal Energi, og soleis får Bjarte ei veldig god innføring og overlapping.

Me ønskjer Bjarte velkomen på huset og til bygda vår.

Les mer
Morten Sortland Morten Sortland

Travle tider for å sikra stabil og god drift av nettet

Flaumsikringstiltak og utskifting av gamle master er berre noko av det me har drive med i sommar og haust.

Du har kanskje lagt merke til at det har kome ein hengekabel over elva ved brua i Utladalen? Arn Roger Haugland, energiingeniør i Straumnett AS, forklarar at dette er gjort for å sikra stabil drift og trygga forsyninga i Utladalen.

Høgspentkabelen heng trygt oppe i lufta mellom dei to nye kraftstolpane som er sett opp ved brua i Utladalen

Høgspentkabelen heng trygt oppe i lufta mellom dei to nye kraftstolpane som er sett opp ved brua i Utladalen. (Foto: Arn Roger Haugland)

– Dette ser me på som eit flaumsikringstiltak. Tidlegare var høgspentkabel montert på brua, men når det er stor vassføring i elva har det vore fare for at brua ville fare. Difor har me valt å setja opp master med høgspent-hengekabel over i staden, seier han.

Parallelt med dette arbeidet er det også gjort grep på trafostasjonen som står plassert mellom Sunde Resirk og Aardal AS.

– Trafoen har stått utsett til ved høg vasstand tidlegare. No har me heva han i underkant av ein meter, seier Arn Roger.

Trafostasjonen i Utladalen er blitt heva om lag 70 cm. (Foto: Arn Roger Haugland)

Trafostasjonen i Utladalen er blitt heva om lag 70 cm. (Foto: Arn Roger Haugland)

Nye kraftstolpar på fjellet

Farande over fjellet på fylkesveg 53 kan i desse dagar sjå at det går føre seg arbeid på mastene på strekkja langs Torolmen. Her jobbar Straumnett sine montørar med å byta ut ein del gamle kraftstolpar.

– Igjen handlar dette om å sikre stabil forsyning. Me byter ut dei verste stolpane og så spjelkar og sikrar me nokre andre.

No er montørane, med god hjelp av graveentreprenør, godt i gang med arbeidet.

Langs denne strekkja på fjellet blir gamle kraftstolpar bytt ut med nye. (Foto: Stian Bye)

– Dette er tiltak me utfører på bakgrunn av ei tilstandsvurdering der me har vore ute på synfaring, seier Arn Roger.

Fleire kablar i bakken

Langs Veesvegen og i Sitlevegen i Øvre Årdal har dei den siste tida forsterka lågspentnettet, der ein har fjerna gamle stolpar og lagt kabel i bakken.

Les også: Denne gata får seg eit skikkeleg løft: - Eit godt samarbeid mellom fleire aktørar

– Dette er gjort i godt samarbeid mellom oss i Straumnett, Årdalsnett og Årdal kommune. I tillegg har kundane i desse områda fått ny inntakskbel og moglegheit til å montere nytt utvendig tilknytingsskap.

Ved Hydrovegen på Årdalstangen har Straumnett oppgradert og forsterka kapasiteten på høgspentnettet, medan Årdalsnett har lagt fiber og Årdal kommune har utført betringar på veglys.

– Så har me lagt fram forsyning med tanke på elbillading ved sentralbygget til kommunen, og me har forberedt området til meir effekt seinare, seier Arn Roger, og slår fast at det er mykje arbeid om dagen.

- Me har ein samfunnskritisk jobb og må vera på tå hev heile tida for å sikra stabil og god drift av nettet til innbyggjarane i Årdal.

Les mer
Morten Sortland Morten Sortland

Straumnett har inngått samarbeid med Eviny

Straumnett vil i tida framover nytta Eviny Elsikkerhet AS til å gjennomføre elektrisk kontroll av bustadar og hytter i Årdal Kommune.

Tidlegare har me utført desse kontrollane i eigen regi, men framover skal me nytta oss av Eviny Elsikkerhet sin kompetanse. Dei skal utføra kontrollar etter Straumnett og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) sine retningslinjer.

Eviny er eitt av Noregs største energi- og teknologikonsern. Dei bidreg med gode råd om eltryggleik, slik at du kan førebyggja feil som kan føra til skadar eller brann.

Kundar som skal ha kontroll vil på førehand bli varsla om dette.

Det som blir sjekka ved ein kontroll er i hovudsak inntak, sikringsskap, jording og at alle papir er i orden. Eit tilsyn i vanlege bustadar blir kontrollert kvart 20 år og kvart 30 år for fritidsbustadar.

Dersom du har spørsmål knytt til kontrolltidspunkt, endring av avtalar og meir, kontakt Eviny Elsikkerhet på telefon: 55129500. (Hugs å ha klart saksnummer)

Ved andre spørsmål vedrørande eltryggleik, kan du ta kontakt med Straumnett AS ved Bjørn Hunshammer. Han kan nåast på mobil: 90164159.

Les mer
Morten Sortland Morten Sortland

Straumnett kåra til det mest stabile nettselskapet i landet

– Dette var ei utruleg kjekk melding å få. Det viser at me gjer ein god jobb.

Det seier Edvard Holsæter, nettsjef for det lokale nettselskapet i Årdal.

Det er Reguleringsmyndigheten for energi (RME) som har presentert avbrotstatistikken for 2022. Her er tal avbrot for kvart enkelt nettselskap lista opp, og det viser seg at Straumnett boksar over eigen vektklasse.

– Me har eit godt og stabilt nett. Me er restriktive med utkoplingar og me har få tilfelle med straumbrot, seier Holsæter.

Han forklarar det stabile nettet i Årdal på følgjande måte:

– Me gjer ein solid jobb med nettet vårt, der me har stort fokus på vedlikehald og drift. Og så har me sjølvsagt vore heldige.

NØGD: Edvard Holsæter, nettsjef i Straumnett AS.

Fagpublikasjonen Europower.no hyllar det lokale nettselskapet i Årdal.

«Straumnett (tidlegare Årdal Energi Nett) er som vanleg med på ti-på-topp lista over stabile selskap, denne gongen heilt på topp med 0,28 avbrot i snitt per kunde», skriv nettsida.

Statistikken inneheld ei mengd tal, som til dømes korte og lange avbrot, varigheit på avbrot, kile-kostnadar og mengde straum som ikkje er levert.

Europower har valt å sortera lista etter gjennomsnittleg tal straumbrot per nettkunde.

– Det er klart at me er stolte over å toppe denne lista. Det er ikkje første gongen me er i toppsjiktet heller. Det tyder på at me har svært dyktige tilsette og god drift på nettet vårt, seier Holsæter.

Eit av føremåla med monopolkontrollen til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er å sikre ei effektiv utøving av nettverksemda, slik at ho kan levere nettenester med tilfredsstillande leveringskvalitet til lågast mogleg kostnad.

Overvaking av leveringspålitelegheita i kraftsystemet er soleis ei viktig oppgåve for RME som regulator for den norske energiforsyninga.

Straumnett AS, med sine 3684 nettkundar, hadde færrast straumbrot av alle med 0,28 avbrot per brukar. Bak følgjer Jæren Everk på 2.-plass med 0,390 avbrot i snitt per kunde. Også Elvia Sør scorar bra med 1,3 avbrot per straumkunde.

– Dette må feirast med ei marsipankake, gliser Holsæter.


Les mer
Morten Sortland Morten Sortland

Liten rakkar byr på store problem: – Det kostar bransjen millionar av kroner i året

Visste du at hakkespetten skapar hovudbry i kraftbransjen?

Den vesle krabaten hakkar seg inn i kraftlinjestolpane, noko som kan føra til straumbrot.

I Fardalen i Øvre Årdal har hakkespetten gått laus på fleire stolpar, som no må bytast ut.

– Det er ikkje første gongen me må byta ut stolpar fordi hakkespetten har laga store hol. I verste fall knekkjer stolpen og straumnettet blir slått ut, seier Stian Bye, energimontør i Straumnett og leiar for sikkerheit i dette prosjektet.

Stian Bye jobbar med å byta ut kraftstolpar i Fardalen.

Stian Bye er leiar for sikkerheit i prosjektet med å byta ut stolpane i Fardalen. Han forklarar at dei gjennomfører sikker jobbanalyse på kvar minste jobb dei utfører.

Bye forklarar skadane har blitt oppdaga etter linjebefaring.

– Me driv kontinuerleg med vedlikehald og har årleg linjebefaring der me sjekkar tilstanden på linjene.  

Kostar millionar

Arn Roger Haugland, prosjektingeniør i Straumnett, seier at hakkespetten kostar netteigarane millionar av kroner årleg.

– Det er eit kjend problem i bransjen. Det er ein stor jobb med å byta ut stolpar og dessutan kjem kilekostnadar for netteigar med planlagt utkopling, seier han.

Johannes Finden Skaim i Fardalen.

Johannes Skaim smiler og ser lyst på oppgåva som ventar.

For å få bukt med problemet har mange netteigarar byrja å kle inn stolpane med netting, noko også Straumnett har gjort.

–Hakkespetten går laus på kraftstolpane mest truleg fordi dei vil lage reir eller leita etter insekt, seier Nils Christian Bjørgo, leiar i Birdlife Sogn og Fjordane.

BirdLife Norge, tidlegare Norsk Ornitologisk Forening, er ein ideell foreining som har vern av fuglar som si viktigaste oppgåve.

Bjørgo peikar også på eit anna problem, nemleg at hubroen set seg på traversen på kraftstolpane.

– Det kan vera verkeleg farleg. Når hubroen slår ut vengene kan han koma i kontakt med to straumførande linjer, og dermed døy av støyt Mange netteigarar monterer difor sittepinnar når dei monterer nye stolpar.

Montørane i Straumnett jobbar i bratt og ulendt terreng.

Med god planlegging fekk Johannes Skaim, Stian Bye og Kenneth Sandnes drege opp stolpen. Snart ventar montering.

I Årdal har det vore svært få tilfelle av hubro som har måtte bøta med livet på denne måten. Stian Bye seier at dei likevel gjer tiltak for å redda verdas største ugle.

– På dei nye mastene set me opp fugle-avviser som hindrar fuglar å setja seg på travers, seier han.

Som med alt anna arbeid i Straumnett, er det stort fokus på HMS. I Fardalen har dei måtte ty til to arbeidsmetodar.

– Me kom til med gravemaskin på den øvste stolpen. Då var det ikkje så tung fysisk belastning. Men på den nedste stolpen vart det manuelt arbeid med vinsj, stolpereisar, bergboremaskin og full pakke i ulendt terreng. Det er krevjande og hardt arbeid, seier han.

Det er tøffe tak for montørane i Straumnett.

TUNGT ARBEID: Denne stolpen veg om lag 800 kilo. Den måtte fraktast opp gjennom ulendt og bratt terreng.

I samband med arbeidet er det planlagt straumutkopling i Fardalen frå klokka 0900 til 1400 torsdag 8. juni.

Les mer
Morten Sortland Morten Sortland

Ny nettstasjon på plass: – Snart kan heisane byrja å gå

Straumnett har levert ny nettstasjon og forsyning til Vee-Sletta burettslag i Øvre Årdal.

Straumnett har levert ny nettstasjon og forsyning til Vee-Sletta burettslag i Øvre Årdal.

– Dette betyr at heisane snart kan byrja å gå, seier Greta Steinheim, som har køyrt heisprosjektet i regi av Årdal boligbyggelag (ÅBBL).

Den nye nettstasjonen blei løfta på plass måndag 15. mai, og er komen på plass i samband med det storstila heisprosjektet i burettslaget. Snart kan bebuarar i 90 leilegheiter nyta godt av tilgjenge til heis. Prosjektet har også fått tilskot av Husbanken.

– Det er mykje aktivitet i område og me ventar i spenning på å bli klare. Planen er at prosjektet skal stå ferdig til fellesferien, seier Steinheim.

Vee-Sletta burettslag har investert i nye heisar og lagt til rette for elbil-lading.

SPENNANDE PROSJEKT: Vee-Sletta burettslag har investert i nye heisar og lagt til rette for elbil-lading.

Ho strekar under at heisprosjektet vil føra til ein lettare kvardag for alle som bur i leilegheitene.

– Det gjeld for alle, om det er unge med barnevogner, folk som skal inn med møblar og eldre. Det er erfaringane våre frå heisprosjekta i dei andre burettslaga, seier ho.

Vee-Sletta burettslag møter også framtida med at dei i same slengen monterer ladestasjonar for elbilar.

Inne i den nye nettstasjonen Straumnett har levert, er det mellom anna komen på plass ein 230 og 400 volts forsyning. Det er lagt nye tilførskablar frå nettstasjon til leilegheiter og nye tilførskablar frå nettstasjon til heisar og elbil-lading.

Straumnett har levert ny nettstasjon til Vee-Sletta burettslag.

MYKJE GRAVING: Straumnett har levert ny nettstasjon til Vee-Sletta burettslag.

– Med nye heisar og elbil-ladarar var ikkje dagens nett godt nok til å ta unna den venta effektauken. Difor var det naudsynt med å få på plass ein nettstasjon med meir forsyning, seier Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Straumnett.

Les mer
Morten Sortland Morten Sortland

– Dette er godt nytt for kundane våre

Straumnett fekk medhald i uenighetssak mot Hydro.

Straumnett fekk medhald i uenighetssak mot Hydro.

– Dette er ei sak me har kjempa hardt og lenge for, både administrativt og på styrenivå, seier Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Straumnett AS.

Vedtaket frå Reguleringsmyndigheten for Energi (RME) seier at Hydro må gjennomgå tarifferingen av Hydro sitt nettanlegg i Øvre Årdal. Sidan 2012 har dei operert med lågare tariff for industriforbruk enn alminneleg forsyning.

– Me i Straumnett har stor respekt for Hydro og me har ein god dialog med leiinga lokalt. Me ser på Hydro som ein svært viktig aktør for lokalsamfunnet og ein viktig samarbeidspartnar. I denne aktuelle saka har me vore opptekne av å stå på våre krav. Eg er nøgd med at me har fått medhald og overbevisst RME, seier Smedegård.

Jan Stian Smedegård i Straumnett.

NØGD: Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Straumnett, er glad for å ha fått medhald i saka mot Hydro.

At Hydro no må gjera endringar på tarifferingsmodellen, vil slå positivt ut for kundane i Straumnett.

– For kundane våre vil denne endringa føra til redusert nettleige, men det er for tidleg å seia kor mykje det er snakk om. Det vil me koma tilbake til seinare. Me har god dialog med Hydro om vegen vidare, seier Smedegård.

Vedtaket

1. Hydro Aluminium AS sine tarifferingsprinsipp og reduksjonssatsar for kostnadar i eige nett i Øvre Årdal er i strid med forskrift om kontroll av nettverksemd.

For å gjenopprette lovleg tilstand fattar RME følgjande pålegg:

2. Hydro må rette tarifferingsmodellen i samsvar med forskrift om kontroll av nettverksemd innan 12 veker frå vedtaksdato. Når Hydro vel å differensiere tariffen i nettet i Øvre Årdal, må tarifferingsmodellen sine kriteria vera objektive og ikkje-diskriminerande, og dessutan basert på relevante nettforhold, jamfør forskrift om kontroll av nettverksemd. Dokumentasjon på at forholdet er retta skal sendast til RME innan same frist.

Les mer
Morten Sortland Morten Sortland

- Eit stort og krevjande prosjekt

Seimsdalstunnelen nærmar seg opning, og Straumnett er med på laget.

Seimsdalstunnelen nærmar seg opning, og Straumnett er med på laget.

- I samband med oppgraderinga av Seimsdalstunnelen har me i Straumnett lagt nye straumkablar i grøft gjennom tunnelen. Sjølv om tunnelen ikkje er lenger enn 1500 meter er det laga til to store rom, sokalla nisjer, med nettstasjonar. Her har me ansvaret for dei to høgspentromma med transformatorar, seier Arn Roger Haugland, energiingeniør i Straumnett, det lokale nettselskapet i Årdal.

I Seimsdalstunnelen er det laga til to slike nisjer med tekniske rom. Straumnett driftar høgspentrommet. Arn Roger Haugland og Edvard Holsæter på ein inspeksjonsrunde.

I Seimsdalstunnelen er det laga til to slike nisjer med tekniske rom. Straumnett driftar høgspentrommet.

Det var i 2020 at arbeidet med å oppgradera Seimsdalstunnelen, som vart bygd i 1965, tok til. Det blir også gang- og sykkelsti gjennom tunnelen. Planen er at alt skal stå klart til sommaren.

Haugland seier at det har vore eit spennande prosjekt, men legg ikkje skjul på at det har vore utfordrande undervegs også.

- Det me er mest nøgde me er oppetida trass i dei store utfordringane som har vore. Det handlar først og fremst om HMS og tryggleik for arbeidarar og trafikantar. Det har vore tett og god dialog heile vegen med fylkeskommunen og entreprenør Bertelsen og Garpestad AS om når og kvar me skal leggja kablar kombinert med sprengningsarbeid og den biten. Samstundes skal me sikra ein god straumleveranse til innbyggjarane i Seimsdalen.

Edvard Holsæter og Arn Roger Haugland sjekkar at alt er i orden.

Edvard Holsæter og Arn Roger Haugland frå Straumnett sjekkar at alt er i orden i høgspentrommet.

Torsdag 12. mai var Haugland og nettsjef Edvard Holsæter på synfaring i tunnelen. Frå høgspentrommet leverer Straumnett lågspent til fylkeskommunen sitt tekniske rom.

- Det var eit ønske om at me skulle koma å kopla på straumen. No var alt klart, og då kunne me slå på brytaren, seier Haugland.

Edvard Holsæter koplar på Straumen til lågspentrommet i Seimsdalstunnelen.

Edvard Holsæter, nettsjef i Straumnett, koplar på straumen til lågspentrommet slik at fylkeskommunen kan testa anlegget.

Årdalsnett har også hatt ein del arbeid i tunnelen den siste tida. Dei har blåst fiber i røyr gjennnom tunnelen. Dei har også etablert fiber for å kunne kommunisere med dei tekniske anlegga i høgspentromma.

Les mer
Morten Sortland Morten Sortland

Denne gata får seg eit skikkeleg løft: – Eit godt samarbeid mellom fleire aktørar

I Sitlevegen blir det no slutt på leidningar i stolpar.

I Sitlevegen blir det no slutt på leidningar i stolpar.

– Dette er eit samarbeid mellom Årdal kommune, Årdalsnett og Straumnett, seier Edvard Holsæter, nettsjef i Straumnett.

Dei siste månadane har det gått føre seg mykje arbeid i Sitlevegen i Øvre Årdal. Her legg Straumnett ned straumkablar, medan Årdalsnett legg ned fiber og kommunen legg ned kabel til veglys. Desse leidningane har hengt i stolpar.

– Me gjer dette i samband med at kommunen har ein plan for å leggja ny asfalt. Då slår me fleire fluger i ein smekk, seier Holsæter.

Edvard Holsæter og Jon Inge Øvrebø på oppdrag i Sitlevegen.

Etter planen skal arbeidet i Sitlevegen vera ferdig innan utgangen av mai. Det er O. Hæreid AS som har stått for graving av grøft.

– Me er på oppløpssida og nærmar oss ferdigstilling. Samstundes har me oppmoda bebuarane til å gripe moglegheita til å forsterke inntaka til husa sine. Då legg me ny kabel inn til nytt tilknytingsskap på husvegg. Dette er også ein fordel for dei som planlegg å få – eller har elbil-ladar.

Holsæter legg til at det er husgrunneigarane som sjølv har etablert grøft frå veg til husvegg, men at det er frivillig om huseigar ønskjer nytt inntak.

– Dette handlar mellom anna om branntryggleiken, då mange kan ha gamle inntak inne i husa sine. Me ser ein auke i straumforbruk i dei fleste husstandar. I tillegg er det visuelt vakrare med kablar i grøft enn i stolpar.

Sitlevegen i Øvre Årdal har fått seg ein oppgradering med kablar i bakken.

Straumnett var i fjor med på tre liknande prosjekt, i Rindevegen på Årdalstangen, i Risevegen og Ivar Noreviksveg i Øvre Årdal. I tillegg vart det gjort oppgraderingar i deler av Torgvegen.

– Me deltek på slike prosjekt i godt samarbeid med kommunen og fleire aktørar.

Les mer
Jan Stian Smedegård Jan Stian Smedegård

Ny nettleigemodell frå 1. juli 2022

Olje- og energidepartementet har vedteke ny prismodell for nettleige i Norge. Føremålet med den nye prismodellen er å leggje til rette for best mogleg utnytting av nettet. Ved eit jamnare forbruk gjennom døgnet, vil behovet for kostbare oppgraderingar verte mindre. Nettselskapet skal ikkje tene meir enn tidlegare, men du som forbrukar har høve til å bruke straumen smartare.

Den nye prismodellen gjeld for kundar med årleg forbruk opp til 100 000 kWh. Kundar med årleg forbruk over 100 000 kWh vil bli fakturert etter effekttariff, som tidlegare.

Prismodellen:

Fastledd vert delt inn i trinn etter nytta effekt. Fastleddet vert fakturert ut frå gjennomsnittet av dei tre høgaste effektuttaka målt siste månad. Høgt effektuttak oppstår når du gjer mange straumkrevjande oppgåver samstundes, som f.eks vaske klede, lade bilen og lage mat på same tid.

Energiledd er prisa etter forbruk, men prisane vert differensiert etter kva tid på døgnet/året straumen vert nytta.

Dei nye prisane vert klare i løpet av juni, og meir informasjon rundt dette vil komme.

Sjå video som forklarar den nye modellen:

Les mer
Guest User Guest User

No blir straumrekninga di lågare

Regjeringa har lagt fram forslag til ei støtteordning for høge straumprisar, og Straumnett AS skal bidra til å følgja opp og sørga for at straumrekninga di blir lågare i månadene framover.

Må eg gjera noko for å få kompensasjon?

Som kunde treng du ikkje gjera noko som helst for å få kompensasjon – beløpet du har krav på blir trekt automatisk frå på nettleiga. Ordninga gjeld frå og med desember til og med mars. Viss du har rett på støtte, vil du få det første frådraget på fakturaen du mottek allereie i januar.

Kven får kompensasjon?

Alle hushaldskundar vil få kompensasjon for straumen dei bruker. Dersom du eig ei hytte eller fritidsbustad får du ikkje kompensasjon for straumforbruket på den adressa. I ettertid er burettslag og sameige vorte ein del av ordningen, dette gjeld for felles straummålar. Klikk på lenka til regjeringen.no

Når gjeld ordninga frå?

Ordninga vil gjelda allereie frå og med straumrekninga for desember, som blir fakturert i januar, og ordninga vil vara til og med mars 2022.

Kor mykje kompensasjon har eg krav på?

Frå og med fakturaen for januar inneber ordninga at kunden får kompensert 80% av kostnadene over 70 øre/kWh ekskl. mva.

Dette betyr at viss gjennomsnittleg spottpris i området ditt er meir enn 70 øre/kWh (ekskl. mva.) i løpet av éin månad, har du rett på kompensasjon – uansett kva straumavtale du har. Taket for kompensasjon er 5000 kWh per månad, og forbruk over dette blir ikkje kompensert.

Kven har ansvaret?

Det er Straumnett AS som har ansvaret for å gjennomføra støtteordninga i nettområdet vårt og beløpet vil bli trekt frå den månadlege rekninga for nettleige. Dersom summen overstig den månadlege nettleiga, blir beløpet utbetalt til bankkontoen til kunde eller trekt frå straumrekninga.

Mange kundar har straum og nettleige på same faktura. Det betyr at fråtrekket kjem på straumrekninga, men det er Straumnett AS som sørger for at kompensasjonen blir rett. Dersom du har spørsmål om kompensasjonsordninga, kan du kontakta oss.

Les mer om ordningen på følgjande sider:

 rme.no

 regjeringen.no

Les mer
Guest User Guest User

Set net nettleiga frå og med 1. april 2021

I statsbudsjettet for 2021 vart det løyvd 20 millionar kroner til utjamning av skilnader i overføringstariff. Årdal Energi Nett får tildelt kr 2 260 447,-.

Tilskotet på kr 2 260 447,- skal komma kundane våre til gode og vi vil med verknad frå 1. april 2021 setja ned energileddet for alle kundane våre med 4,46 øre utan avgifter fram til og med 31.12.2021.

Les mer
Guest User Guest User

Set ned nettleiga fom 15.juni 2020

Årdal Energi Nett set ned nettleigeprisen for alle tariffar frå og med 15. juni 2020. For ein husholding/hytte -kunde, vil prisen bli redusert med 6,25 øre/kWh. Sjå vår prisside for fullstendige tariffar her.

Les mer
Guest User Guest User

STRAUMUTKOPLING AV TYINLINJA TORSDAG DEN 23.04.2020

På grunn av arbeid på Årdal Energi Nett sitt distribusjonsnett, vert straumen utkopla TYINLINJA torsdag den 23.04.2020 frå kl. 09.00 til kl. 15.30. Gjeld frå Øvre Årdal til Eidsbugarden.

Straumen kan bli innkopla tidlegare, så nettet må sjåast på som straumførande i heile utkoplingsperioden.

Me beklagar ulempene dette medfører.

Les mer
Guest User Guest User

Kundemottak er stengt

Som følgje av den siste tids utvikling knytt Coronavirus og smittefare er kundemottaket stengt.

Vi ber om at du tek kontakt med oss på telefon 57 64 86 00 dersom du har behov for å snakka med oss.

Les mer
Guest User Guest User

Set ned nettleiga

Frå og med 1.mars set vi ned energileddet i nettleiga for alle tariffar.

For ein vanleg husholdningskunde vil tariffen bli sett ned frå 68,75 øre/kWh til 59,30 øre/kWh.

Sjå fullstendige tariffar her.

Les mer
Guest User Guest User

Innføring av Elhub

Elhub er kraftmarknaden sin nye løysing for utveksling av informasjon mellom marknadsaktørane. Denne løysinga skal innførast 18.02.2019, og i den samanheng vil det gå føre seg ei rekkje aktiviteter som kan påverka dykk som kundar av Årdal Energi. Ein må difor forventa lenger behandlingstid enn normalt hjå Årdal Energi sitt kundesenter i februar månad.

 I perioden frå 01.02.19 og fram til lansering av Elhub den 18.02.19 vil det vera nokre avgrensingar for deg som kunde:

  • Du kan ikkje foreta leverandørskifte i denne perioden. Du og din kraftleverandør kan framleis foreta eventuelle forberedande aktivitetar, som f.eks. å gjere ein målaravlesing, men sjølve leverandørskiftet vil fyst kunna skje etter 18.02.19.

  • Ved byte av straumabonnement i denne perioden vil du som kunde få levert straum og få registrert bytte av straumabonnement på rett dato, men du vil ikkje få endeleg bekrefta byte før etter 18.02.2019.

 Vi beklagar dei ulemper denne omlegginga kan medføre, og ber om forståing for eventuell tregheit i kundedialogen inntil Elhub er på plass.

Les mer
Guest User Guest User

Målaravlesing 1.juli 2018

På grunn av pågåande arbeid med utskifting av målarar, vert det ikkje sendt ut varsel (SMS, e-post og avlesingskort) om målaravlesing pr. 1.juli 2018.

Dei som alt har fått skifta målar treng ikkje gjera noko.

Dei av kundane som framleis har gammal målar, vert stipulert, eller du kan levera målarstanden under Målaravlesing/Mi Side som ligg på vår heimeside.

Les mer