– Dette er godt nytt for kundane våre
Straumnett fekk medhald i uenighetssak mot Hydro.
– Dette er ei sak me har kjempa hardt og lenge for, både administrativt og på styrenivå, seier Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Straumnett AS.
Vedtaket frå Reguleringsmyndigheten for Energi (RME) seier at Hydro må gjennomgå tarifferingen av Hydro sitt nettanlegg i Øvre Årdal. Sidan 2012 har dei operert med lågare tariff for industriforbruk enn alminneleg forsyning.
– Me i Straumnett har stor respekt for Hydro og me har ein god dialog med leiinga lokalt. Me ser på Hydro som ein svært viktig aktør for lokalsamfunnet og ein viktig samarbeidspartnar. I denne aktuelle saka har me vore opptekne av å stå på våre krav. Eg er nøgd med at me har fått medhald og overbevisst RME, seier Smedegård.
At Hydro no må gjera endringar på tarifferingsmodellen, vil slå positivt ut for kundane i Straumnett.
– For kundane våre vil denne endringa føra til redusert nettleige, men det er for tidleg å seia kor mykje det er snakk om. Det vil me koma tilbake til seinare. Me har god dialog med Hydro om vegen vidare, seier Smedegård.
Vedtaket
1. Hydro Aluminium AS sine tarifferingsprinsipp og reduksjonssatsar for kostnadar i eige nett i Øvre Årdal er i strid med forskrift om kontroll av nettverksemd.
For å gjenopprette lovleg tilstand fattar RME følgjande pålegg:
2. Hydro må rette tarifferingsmodellen i samsvar med forskrift om kontroll av nettverksemd innan 12 veker frå vedtaksdato. Når Hydro vel å differensiere tariffen i nettet i Øvre Årdal, må tarifferingsmodellen sine kriteria vera objektive og ikkje-diskriminerande, og dessutan basert på relevante nettforhold, jamfør forskrift om kontroll av nettverksemd. Dokumentasjon på at forholdet er retta skal sendast til RME innan same frist.