Innføring av Elhub
Elhub er kraftmarknaden sin nye løysing for utveksling av informasjon mellom marknadsaktørane. Denne løysinga skal innførast 18.02.2019, og i den samanheng vil det gå føre seg ei rekkje aktiviteter som kan påverka dykk som kundar av Årdal Energi. Ein må difor forventa lenger behandlingstid enn normalt hjå Årdal Energi sitt kundesenter i februar månad.
I perioden frå 01.02.19 og fram til lansering av Elhub den 18.02.19 vil det vera nokre avgrensingar for deg som kunde:
Du kan ikkje foreta leverandørskifte i denne perioden. Du og din kraftleverandør kan framleis foreta eventuelle forberedande aktivitetar, som f.eks. å gjere ein målaravlesing, men sjølve leverandørskiftet vil fyst kunna skje etter 18.02.19.
Ved byte av straumabonnement i denne perioden vil du som kunde få levert straum og få registrert bytte av straumabonnement på rett dato, men du vil ikkje få endeleg bekrefta byte før etter 18.02.2019.
Vi beklagar dei ulemper denne omlegginga kan medføre, og ber om forståing for eventuell tregheit i kundedialogen inntil Elhub er på plass.