Semje mellom Straumnett og Hydro

Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Straumnett AS.

– Dette er ei komplisert sak der to partar har hevda sin rett. Difor er me glade for at me har fått Hydro til å endre sin tarifferingsmodell og at me har landa ein avtale om ein minneleg kompensasjon på våre krav tilbake i tid, seier Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Straumnett.

Lang kamp

Bakgrunnen er at Straumnett og Hydro har vore usamde om Hydro sine tariffar for bruk og fordeling av kostnadar knytt til det interne nettet til Hydro i Årdal.

Saka går heilt tilbake til 2011 då Hydro varsla innføring av tariffar for bruk av Hydro sitt interne nett frå 2012. Hydro sitt syn og praksis på fordeling av kostnadar har vore grunngjeve i at regelverket opna for lågare tariff for industriforbruk enn alminneleg forsyning i nettforholda ved Hydro sitt anlegg i Øvre Årdal.

Saka har hatt stor merksemd blant administrasjon, styret og eigarane til Straumnett.

– Me ser på Hydro som ein svært viktig aktør for lokalsamfunnet og ein viktig samarbeidspartnar. Me har heile vegen hatt god dialog med Hydro, men i denne saka har me vore opptekne av å stå på våre krav og kjempa for våre kundar, seier Smedegård.

I mai fatta Reguleringsmyndigheten for Energi (RME) vedtak om at Hydro må rette tarifferingsmodellen, noko som blei innført med verknad frå 1. juli i år.

RME presiserte at deira avgjerd har verknad framover i tid. Hydro avviste difor i utgangspunktet Straumnett sitt krav på tilbakebetaling for tidlegare år.

Samde om forlik

I november blei det halde eit forhandlingsmøte mellom partane, som resulterte i ein avtale. Den inneber at Hydro betalar ein minneleg kompensasjon til Straumnett for tidlegare år. Denne kompensasjonen blir sett på som fullt og endeleg oppgjer av alle krav i saka. Basert på juridiske vurderingar frå Straumnett si side, er selskapet styrkt i trua på at ein har landa ein god avtale.

Smedegård er stolt over det gode arbeidet Straumnett har lagt ned over lang tid, og gjentek at dette har ført til at Hydro har endra sin tariff, og at partane har blitt samde om eit forlik som vil gje ein effekt på nettleiga til kundane i 2024 på totalt 11 millionar kroner.

Wenche Eldegard, fabrikksjef ved Hydro Årdal, seier at dei sidan 2012 har tariffert i samsvar med regelverket og handla i god tru.

– Styresmaktene har fleire gonger stadfesta at Hydro sin praksis har vore i tråd med regelverket, men RME har i vedtaket frå i mai i år endra syn. Hydro valde difor å ikkje klaga på vedtaket og endra difor tarifferinga. RME slår fast at differensiering av tariffen er mogleg, men meinte at Hydro si grunngjeving ikkje var tilstrekkeleg. For Hydro er det viktig å ha eit godt samarbeid med vertskommunane og Årdal-samfunnet. Me har av den grunn sett det som tenleg å inngå eit forlik med Straumnett om nettleiga, seier Eldegard.

– Korleis vil kundane til Straumnett merke dette, Smedegård?

– For det første måtte Hydro endra sin tarifferingsmodell med verknad frå 1. juli. Det påverkar kundane i Straumnett i form av at me kan halda nettleigekostnadane lågare enn om me ikkje hadde kjempa denne saka. For det andre får me ein minneleg kompensasjon frå Hydro på vårt krav om tilbakebetaling. Forliket betyr at Straumnett vil få for høg meirinntekt i forhold til inntektsramma vår. Desse pengane vil koma kundane til gode i form av form av reduserte nettleigekostnadar over fakturaen i 2024.

Smedegård strekar under at alle nettselskap er strengt regulerte av myndigheitene, og viser til NVE som på sine nettsider skriv følgjande:

«Nettleiga skal gje nettselskapet inntekter til dekning av kostnadane ved transport av kraft, gitt effektiv drift, utnytting og utvikling av nettet. Det er nettselskapet sjølv som fastset nettleiga, men RME kontrollerer at inntektene til nettselskapet hentar inn gjennom nettleiga ikkje er høgare enn det nettselskapet totalt har lov til å ta seg betalt frå sine kundar».

Kontakt for media og presse:

Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Straumnett

Telefon: 48031258

Wenche Eldegard, fabrikksjef i Hydro

Telefon: 97736943