Denne gata får seg eit skikkeleg løft: – Eit godt samarbeid mellom fleire aktørar

I Sitlevegen blir det no slutt på leidningar i stolpar.

– Dette er eit samarbeid mellom Årdal kommune, Årdalsnett og Straumnett, seier Edvard Holsæter, nettsjef i Straumnett.

Dei siste månadane har det gått føre seg mykje arbeid i Sitlevegen i Øvre Årdal. Her legg Straumnett ned straumkablar, medan Årdalsnett legg ned fiber og kommunen legg ned kabel til veglys. Desse leidningane har hengt i stolpar.

– Me gjer dette i samband med at kommunen har ein plan for å leggja ny asfalt. Då slår me fleire fluger i ein smekk, seier Holsæter.

Etter planen skal arbeidet i Sitlevegen vera ferdig innan utgangen av mai. Det er O. Hæreid AS som har stått for graving av grøft.

– Me er på oppløpssida og nærmar oss ferdigstilling. Samstundes har me oppmoda bebuarane til å gripe moglegheita til å forsterke inntaka til husa sine. Då legg me ny kabel inn til nytt tilknytingsskap på husvegg. Dette er også ein fordel for dei som planlegg å få – eller har elbil-ladar.

Holsæter legg til at det er husgrunneigarane som sjølv har etablert grøft frå veg til husvegg, men at det er frivillig om huseigar ønskjer nytt inntak.

– Dette handlar mellom anna om branntryggleiken, då mange kan ha gamle inntak inne i husa sine. Me ser ein auke i straumforbruk i dei fleste husstandar. I tillegg er det visuelt vakrare med kablar i grøft enn i stolpar.

Straumnett var i fjor med på tre liknande prosjekt, i Rindevegen på Årdalstangen, i Risevegen og Ivar Noreviksveg i Øvre Årdal. I tillegg vart det gjort oppgraderingar i deler av Torgvegen.

– Me deltek på slike prosjekt i godt samarbeid med kommunen og fleire aktørar.