
Kontroll i private bygningar
DLE gjennomfører kvart år kontrollar av elektriske anlegg i bustader, hytter, driftsbygningar, mm.
Det er ein stor fordel at eigar/brukar deltek under kontrollen. Dette for å kunne gje informasjon om eltryggleik, likeins kunna gje forklaring på kva som er faren med dei avvik som eventuelt vert påpeka.
Vår inspektør vil fylgja leidningsnettet frå inntaket, gjennom sikringsskåpet og vidare frå sikringskursane og fram til tilkopla apparat og utstyr.
Døme under beskriv ein kontroll av ein bustad.
Inntaksboksen:
Rette sikringar, ev. varmgang
Spenningsførande delar skal vera skjerma mot berøring (at sikringane kan betenast utan fare for straumgjennomgang.)
Sikringsskåpet:
Måling av isolasjonsmotstand (jordfeil)
Test av jordfeilbrytarar/automatar
Måling av feilstraumar
Korrekt merking og rett storleik på sikringar
Spenningsførande delar skal væra skjerma mot berøring (at sikringane kan betenast utan fare for straumgjennomgang.)
Kontroll av jording (hovudjord og utjamningssamband)
Evt. varmgang, eks. lause tilkoplingsklemmer
At det ikkje er oppbevart brennbart/uvedkomande materiale i sikringsskåpet/tavlerommet
Den faste installasjonen:
Kontinuitetstesting av jording (at jordforbindelsane er i orden)
Det skal ikkje vera blanda jorda og ujorda installasjonar
Alle kablar og leidningar skal vera godt festa
Kontrollerer at kablar, elektrisk installasjonar og elektrisk utstyr ikkje har skadar
Kontrollerer at kablar, elektrisk installasjonar og elektrisk utstyr ikkje har varmgang (t.d. i brytarar, koplingsboksar, stikkontaktar osv. (visuell kontroll)
Tilkopla utstyr:
Kokeplater på komfyren skal alltid vera slått av etter bruk
Varmeomnar skal ikkje vera dekka til
Utstyr som trekkjer mykje straum skal ikkje vera tilkopla via skøyteleidning
Varmeomnar og sengelampar på barnerom skal vera festa til vegg