Brann i oppvaskmaskin
Ein av våre kunder har nylig hatt brann i sin oppvaskmaskin. Kunden hadde heldigvis installert røykvarslar og fekk difor sløkt brannen før den fekk spreie seg.
Det Lokale Elektrisitetstilsyn (DLE) vil oppfordre alle som har kjøpt oppvaskmaskin frå Bosch eller Siemens mellom 1999 og 2005, om å gå inn på følgande webside for å sjekke om oppvaskmaskina kan være brannfarleg.
Ein bør ikkje sette på oppvaskmaskin, vaskemaskin eller ladar om natta, då ein ikkje har full kontroll med utstyret når ein søv. Pr. i dag kjem ikkje Årdal Energi KF til å setja ned straumprisen om natta, for at ein kan kunna spara nokre kroner, slik som mange oppfattar at den nye straummålaren legg opp til.