Nettleiga - korleis er den sett saman

Til tider får vi inn spørsmål om nettleiga, for å gje ein forklaring på korleis nettleiga vert bygd opp har vi laga til følgjande.

Årdal har hatt ei historisk låg nettleiga, både for fastbeløp og for energiledd (øre/kWh), men vi sette dette opp i 2013 og kjem til å setja opp noko for 2016. Men vi vil framleis ha lågt fastbeløp. Dette går på kva profil ein vil ha på nettleiga, lågt fastbeløp gjev høgare energiledd og omvendt.

Alle nettselskap har monopol på overføring av straum innafor sine forsyningsområder, og er difor regulert av myndigheitene (NVE). NVE fastset kvart år ei individuell inntektsramme for kvart nettselskap. Inntektsramma gjev ei øvre grense på kor stor inntekt nettselskapet kan henta inn gjennom nettleiga. Inntektsramma vert fastsett slik at tillaten inntekt over tid skal dekke kostnadane ved drift og vedlikehald av nettet, samt gje ein rimeleg avkasting ved effektiv drift, utnytting og utvikling av nettet. Vår årlege inntektsramme vert fastsett dels på bakgrunn av historiske kostnader i verksemda, og dels på bakgrunn av ei kostnadsnorm som vert fastsett av NVE. Denne norma skal sikra at verksemda driv effektivt. Den vert sett ved hjelp av samanliknande analyser som samanliknar verksemdenes resursbruk opp mot oppgåva dei utfører. Den tillatne inntekta vert fordelt ut på den forventa overføringsmengda (kWh) kvart år, som er enkelt forklart korleis tariffen kjem fram.

I tillegg til å dekka historiske kostnader som nemnt over, vert alle overliggande nettkostnader lagt til, og fordelt ut på kvar kWh overført. Årdal Energi vil for 2016 halda same pris ut, som er 35,0 øre/kWh + avgifter. Vår kostnad til overliggande nett er ca. 10,0 øre/kWh.

Ein bør og vera klar over at når ein går inn og ser på ulike statistikkar, så må ha klart føre seg kva som vert samanlikna. Fordi i mange samanhengar er ikkje avgiftene med der, medan alle nettselskap er pålagt å gje opp prisar inkludert alle avgifter.

Innebygd i nettleiga ut til kunde ligg det og ein del avgifter til staten, el-avgift (forbruksavgift), avgift til Enova (energi- og miljøfondet) og moms. Dette kan setjast opp slik:

Oppsett over ÅE sin nettleigepris og avgifter for 2016
                                       Grunnpris    El- avgift     Enova       Mva          Totalpris

Energiledd (øre/kWh)       38,00       +    16,00    +    1,00   +   13,75    =   68,75
Fastbeløp (kr/år)               1 750,-      +        0       +      0     +   437,50=   2 187,50



Elavgifta her hatt denne utviklinga dei siste åra

                                             2012    2013    2014    2015     2016
El. avgift (forbruksavgift)    11,39    11,61    12,39    *14,15    16,00
*) – Staten sette opp elavgifta frå 13,65 øre/kWh til 14,15 øre/kWh, fom 1.juli 2015.

Vi håpar at eg har gitt deg meir «kjøt på beinet» med denne forklaringa, ta kontakt med oss dersom du ynskjer ytterlegare informasjon.